Hopp til innhold

Denne vitamininnsprøytinga kan bli å finne på frukostbordet ditt

Fruktdyrkarane i Lærdal testar no ut ein ny helsebringande plante. Tindved blir dyrka fleire stader i Europa, men til no har ingen drive profesjonelt her i landet.

Tindved i Grandefjæra på Ørland

KNALL ORANSJE: Tindved er beisk på smak, proppfull av vitamin og mineral, og har ein karakteristisk farge.

Foto: Synnøve Holmen Kalvå

Nyleg fekk Lærdal Grønt 250.000 kroner frå Fylkesmannen til å starte prøveplanting. Harald Blaaflat Mundal seier dei håpar å hauste dei første frukta allereie til neste år.

– Vi prøva til stadigheit å finne på nye ting. Det er godt med areal i Lærdal som kan nyttast til frukt- og bærproduksjon. Det held motivasjonen oppe hjå bøndene når ein får teste ut nye ting som ikkje finnast i produksjon enno, seier han.

Innhaustinga kan bli problematisk

Tindved, kommuneblomsten til Verdal

INNHAUSTING: Om eit år kan ein kanskje hauste tindved i Lærdal og Fresvik.

Foto: Eystein Ness

Tindved vekst vilt og har til ei viss grad blitt brukt til prydbusk. Men det er frukten av planten Lærdal Grønt no skal prøve å dra nytte av. Bæra er knall oransje, beiske på smak, men proppfulle av vitamin og mineral.

Førebels er det berre nokre få dekar som blir planta ut, men håpet er å utvide til større volum. Noko av det dei treng svar på er korleis dei vil takle innhaustinga.

– Det er ein stikkande plante og måten ein gjer dette her på andre stadar er at ein skjer av heile greiner, hiv dei på frys og ristar dei, for då dett bæra av. Det kan vere ein ganske omfattande prosess, fortel Mundal.

I Leikanger byrja ein å forske på planten allereie i 2007. Dag Trøen i Njøs næringsutvikling har stor tru på at tindved kan slå an i den norske marknaden.

– Det vi har funne ut er at dei sortane som vi har prøvd går godt i vårt klima. Det er eit veldig næringsrikt bær, med mykje vitamin, feittsyrer og flott farge. Det kan bli eit nytt innslag i frukt- og bærutvalet i Noreg.

Eksotisk innslag

Om alt klaffar kan snart tindved bli eit eksotisk innslag i saft- og syltetøyglaset ditt heime. Det er nemleg Lerum som står bak tindvedprosjektet. Jan Petter Vindheim, som har ansvar for forretningsutviklinga i Lerum, seier det enno er for tidleg å seie kva vi har i vente.

– Det er naturleg at vi testar den i det vi drive med: saft, syltetøy, jus og nektar. Men det er eit forskingsprosjekt, så kva det endar opp med er for tidleg å seie, fortel han.

Men han har ikkje tru på tindved aleine.

– Den er veldig syrleg på smak, så den vil ikkje vere så god å drikke aleine, seier Vindheim.