Hopp til innhold

Startar på nytt i Norge

SKEI (NRK): Dei har aldri fått servert peanøttsmør eller frukostblanding før, og å stå opp tidleg er noko nytt. No er dei mindreårige, einslege asylsøkjarane på plass rundt frukostbordet på Skei.

Yasin Sharif, Mubarak Ahmed, Mohammad Sayid, Azizullah Tarakhail, Safiullah Faizi og Abdullahromar

FRAMAND MAT:Yasin Sharif, Mubarak Ahmed, Mohammad Sayid, Azizullah Tarakhail, Safiullah og Abdullahromar får smake annleis mat enn dei er vane med.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg er vand med å ete berre brød og drikke vatn til frukost. Så dette er veldig annleis enn heime i Somalia, seier Mubarak Ahmed.

Diggar makrell i tomat

15-åringen sit saman med fleire andre han ikkje kjenner rundt eit dekka frukostbord på asylmottaket på Skei.

Alle er mindreårige, og alle er einslege asylsøkjarar. Dei har ikkje med seg mykje, og må setje seg inn i mykje nytt. For den norske kulturen, matvanane og ikkje minst klimaet er svært annleis enn det dei er vande med.

– Eg likar veldig godt fisk til frukost, seier Safiullah frå Afghanistan. Han ristar på ein makrell i tomatboks og smiler.

– Ja, det er skikkeleg godt, nikkar Yasin Sharif frå Somalia.

Dei har ikkje vore på det nystarta mottaket i Jølster meir enn ei lita veke. Men dei har rukke å bli ein samansveisa gjeng.

Makrell i tomatsaus og ost på frukostbordet

NYE SMAKAR: Fleire rundt frukostbordet tykkjer makrell i tomatsaus smakar godt.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Samansveisa på ei veke

– Dei passar på kvarandre og hjelper kvardane. Det er veldig fint å sjå, seier mottaksleiar Oddvar Årdal.

Han er bestemt på å få inn gode rutinar så tidleg som mogleg på mottaket, mellom anna fellesfrukost klokka åtte. Det er det ikkje alle som er like klare for.

– Fleire er ikkje vande med å følgje klokka slik vi gjer det her i Norge, Dei har ein annan måte å tenkje og leve på. Det er klart at det kan by på utfordringar, men eg er sikker på at vi skal klare å få til eit velfungerande mottak her, seier han.

Det er lett prat ved frukostbordet, og dei som ikkje skjønar kvarandre får hjelp til å forstå. Fingerspråk og smil er hyppig brukt.

– Det er tidleg dette, men eigentleg ok å komme seg opp, seier Mubarak Ahmed.

Fotball er draumen

Han er planen klar for kva onsdagen skal brukast til.

– Vi skal spele fotball. Eg elskar fotball!

– Han er den beste vi har her. Vi lærer mykje av han, skyt Safiullah inn og fått nikk frå dei andre.

– Ja, draumen er å kunne leve av å spele fotball, så eg må berre trene og øve, seier Ahmed.