Hopp til innhold

Startar opp att søk i vatn

Mannskap frå Centra Consult startar i halv ti-tida opp att søket etter den sakna Charlotte Moene i Årdal.

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet.
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Mannskapet søkte i går med undervasskamera i Årdalsvatnet, utan at det vart gjort nye funn.

Mannskapet frå Central Consult held onsdag fram med å søke gjennom vatnet sektor for sektor.

I løpet av dagen kjem det nok ein etterforskar frå Kripos for å hjelpe årdalspolitiet med etterforskinga.