Politiet starta opp att leitinga - har med helikopter og redningshundar

Politiet søkte laurdag kveld gjennom fleire bygningar i Erdalen i Oppstryn utan å finne den ustabile mannen som truga til seg ein bil. Søndag starta dei opp att søket saman med luftambulanse, redningshelikopter, Røde Kors og redningshundar.

Leiteaksjon etter ustabil mann i Oppstryn

SPERRAR DALEN: Røde Kors har sett ut vakter for å hindre uvedkommande å ta seg inn i dalen, der dei saman med politiet søkjer etter ein mann i 20-åra. Også helikopter deltek i søket.

Foto: Arne Vik (MMS-foto/montasje)

– Vi har byrja å leite igjen no. Vi har hatt folk der i natt også, men det var meir for å lytte og slikt, seier operasjonsleiar Olaug Holme.

Laurdag fann politiet det best å væpne seg med tenestevåpen, då dei starta aksjonen for å finne mannen.

Då hadde mannen tidlegare på dagen truga til seg ein bil i vegarbeidsområdet opp mot Strynefjellet på riksveg 15. Bilen vart seinare funnen att i Erdalen.

Vurderer situasjonen som trygg

Mannen i 20-åra brukte kniv då han truga til seg bilen. Politiet har opplysningar som tilseier at vedkommande er psykisk ustabil.

Laurdag bad dei folk i området halde seg innandørs.

– Er det trygt å sende ut Røde Kors?

– Ja, no reknar vi med at det saman med politi på staden skal vere såpass trygt, seier Holme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politipatrulje Oppstryn

LEITER VIDARE: Politiet er søndag morgon på plass igjen i Erdalen for å leite etter mannen i 20-åra. Biletet er teke laurdag kveld.

Foto: Arne Vik / NRK

Har vore ei kald og tøff natt

Politiet går ut ifrå at mannen framleis er i Erdalen. Dei har ikkje opplysningar som skulle tilseie noko anna.

Søndag føremiddag har fem polititenestemenn med seg 15 personar frå Røde Kors og fem hundeførarar i søket.

Litt over klokka er det sett inn både luftambulanse og redningshelikopter i søket.

Det svært kaldt i området.

– Vi er litt urolege for kulden. Eg er nok redd for at vedkommande har hatt ei tøff natt, seier Holme.

Politiet vil svært gjerne ha tips dersom nokon har observasjonar av mannen i 20-åra. Han er om lag 180 centimeter høg, og han skal vere tynn. Mannen kjem opphaveleg frå Rogaland.

Leiter etter ustabil mann i Erdal, Stryn

ERDAL: Det er i dette området søraust for Oppstrynsvatnet i Stryn mannen skal befinne seg.

Foto: Skjermdump frå Google maps