Hopp til innhold

Startar ny kampanje for å fleire kvinner inn i politikken

Det er framleis slik at menn dominerer i lokalpolitikken rundt om i kommunestyre og fylkesting. No har eit knippe kvinner starta kampanjen «ho bør stille» for å prøve å gjere noko med det.

Siri Sandvik med ny kampanje

VIL HA KVINNER MED: Siri Sandvik og dei andre bak kampanjen vil ha fleire kvinner i politikken.

– Det er sikkert fleire grunnar til at kvinner er underrepresenterte, men eg er overtydd om at dess meir fokus vi set på dette, dess meir medvite vert folk på at ein faktisk må stille på partilister, og ein må faktisk krysse på kvinner når ein røystar, seier Siri Sandvik.

Ho er leiar for Arbeidarpartiet sit kvinnenettverk i Sogn og Fjordane, og er ein av dei som er med å engasjere seg i kampanjen.

I desse dagar har mange parti ein jobb framføre seg med å skaffe folk som vil stå på lister til kommune- og fylkestingsvalet neste haust. Sandvik seier at jobb nummer ein er å få kvinner til å seie ja til å stille på liste.

– Målet er å få eit fokus inn i nominasjonsprosessane i alle parti, og det går ikkje berre på toppkandidatane, men på alle nivå, seier ho.

Sju av ti ordførarar her i landet er menn, og berre fire av ti kommunestyrerepresentantar er kvinner. Det er altså framleis ei skeivfordeling mellom kjønna i lokalpolitikken.

Vil samle alle partia

Regjeringa har sett fokus på dette, og har mellom anna oppretta temasida «kvinner i lokalpolitikken», der ein finn digitale kart som syner korleis det står til med likestillinga ulike stader i landet.

Og sjølv om det er fleire frå Arbeidarpartiet som har sett i gang kampanjen, understrekar Siri Sandvik at det er for alle parti.

– Av dei som røystar på Arbeidarpartiet er rundt 60 prosent kvinner, likevel er berre rundt 40 prosent av medlemmane våre kvinner. Vi har altså ein ubalanse i vårt eige parti også.

GLER SEG: Sandra Tenud håpar så mange som mogleg vil være med å markere pride neste helg

VIKTIG: Sandra Tenud meiner at menn er overrepresenterte i lokalpolitikken, og at det er viktig å gjere noko med.

Foto: UKJENT / AUF

– Vi ser at menn i alderen 45–65 år er overrepresentert i landets kommunestyre, og det gjeld for alle parti. Med denne kampanjen håpar vi at alle partia kan stå smala om å forsøkje å få fleire kvinner på listene, seier Sandra Tenund i AUF i Sogn og Fjordane.