Hopp til innhold

Klubben startar med utdanning av trenarar når ungane har blitt to år gamle

Jotun satsar på trenarutdanning av foreldre lenge før ungane skal begynne på fotball. For berre nokre år sidan måtte Jotun erkjenne at dei var altfor dårlege. Då bestemte klubben seg for å ta seg sjølv i nakken.

Jotun aldersbestemt fotball

SATSAR PÅ UTDANNING: Dei unge og lovande spelarane i Jotun har godt utdanna trenarar. Ein av konsekvensane er at klubben har fått fleire spelarar – trass i at barnekulla i kommunen blir mindre.

Foto: Kai Wigum

No startar Jotun å utdanne nye trenarar når ungane som skal spele fotball er to år gamle.

– Sjølv om talet på ungar no går ned i Årdal, så har vi auka med nesten hundre 100 ungar i fotballgruppa. Det er heilt enormt, seier Henrik Rønningen.

Han er leiar i Jotun fotball, der dei etter nokre magre år no har 130 jenter og 160 gutar som spelar fotball.

– Og det er ein direkte konsekvens av bevisst satsing på trenarar?

– Ja. Vi satsar bevisst på trenarar. Og spesielt på jentesida har vi auka kompetansen på trenarane, seier Rønningen.

Vedgår at dei var «forferdelege på rekruttering»

Dei siste åra har fotballgruppa i Jotun gjennomført ein solid snuoperasjon. Årskulla tidleg på 1990-talet produserte så godt som ingen spelarar til A-lagsfotballen i Årdal.

Klubben var totalt fråverande på dei aldersbestemte krinslaga i Sogn og Fjordane.

– Vi må berre leggje oss heilt flate. Vi har vore heilt forferdelege på rekrutteringsarbeidet. Men no vil nok dette snu, og vi ser allereie ein positiv trend, seier Rønningen.

Skal ha 60 utdanna trenarar om to år

For i 2009 bestemte Jotun seg for å gjere noko med situasjonen, og starta prosjektet «Trenarprosjekt 09-16». Det var startskotet for gjennomgripande endringar i klubben.

– Vi fann ut at det viktigaste var å utdanne trenarar for å få skulerte folk som lagar god aktivitet ute på feltet, seier Rønningen.

No har Jotun eit mål om å ha 60 trenarar med UEFA C-lisens i klubben i 2016. Dei har allereie 46, og meiner målet er innan rekkevidd. Neste søkjer dei om å få fire-fem kandidatar til UEFA B-lisens.

– Det er dyrt for klubben, men utdanning av trenarar er noko av det viktigaste vi gjer, seier Rønningen.

– Kor mykje har de brukt på dette?

– Til no har vi brukt mellom 350.000 og 400.000 kroner. Totalt kjem det til å koste oss 760.000 kroner når vi er ferdige med prosjektet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jotun-jenter jublar

MANGE JENTER: Jotun har fått med seg fleire jenter etter at dei byrja å satse på utdanning av trenarar i den aldersbestemte fotballen.

Foto: Kai Wigum

Meiner gode trenarar kjem ungane til gode

For å bli hovudtrenar for eit aldersbestemt lag i Jotun, må du no ha minst UEFA C-lisens. Dette kravet har klubben hatt i to sesongar. Og jobben med å rekruttere trenarar startar tidleg.

– Når ungane har blitt to år, startar vi utdanningsløpet for dei foreldra som skal vere trenarar når ungane byrjar å spele fotball når dei er fem. Då er dei klare som trenarar med UEFA C-lisens med éin gong ungane startar med fotball, seier Rønningen.

Han legg til:

– Eg føler vi har gjort det rette valet når vi brukar midlar på utdanning av trenarar. Kompetanse på feltet er det viktigaste.

– Kvifor?

– Det kjem ungane til gode. Dei får ei mykje betre fotballoppleving. Eg er sikker på at vi valde den rette kursen i 2009.

Trenarutdanning er i vinden i klubbane

Ved Sogn og Fjordane fotballkrets følgjer dei utvikla i Jotun med stor interesse. Frå å vere utan spelarar på fylkesnivå, vart klubben nyleg representert med sju gutar og sju jenter i 2001-årgangen på krins- og sonenivå.

Det er ingen andre i nærleiken av.

– Vi synest det er kjempebra at Jotun har teke tak i trenarutdanninga i klubben, og at dei har sett krav. Ikkje minst ser vi direkte resultat i form av krinslagsspelarar og KM-titlar, seier klubbutviklar Ola Flo Zachariasen.

Fotballkrinsen har dei siste åra hatt fokus på utdanning av trenarar og leiarar.

– Vi ser at trenarutdanninga har skote i vêret i Sogn og Fjordane, og at det er fleire som vel å gå den vegen. Vi håpar at trenden held fram. For jo fleire dyktige trenarar vi får på feltet, jo betre blir det. Då trur vi også at ungane vil kose seg meir når dei er utpå der. Og det er det som er det viktigaste, seier Zachariasen.

– Vi gløymer ikkje dei nest beste

I Jotun meiner dei no å sjå dei første effektane av satsinga på trenarane sine. Leiaren meiner dei i 2016 vil kunne sjå dei første 16-åringane som har fått nyte godt av prosjektet. Først i åra etter vil dei få full effekt.

– Vi er heilt nøydde til å gjere eit godt rekrutteringsarbeid. Slik utviklinga ser ut her i Årdal no, så forsvinn ungane når dei er 19 år gamle. Det vil seie at A-laget om nokre år stort sett vil bestå av 16- til 19-åringar. Då må vi gjere ein kanongod jobb og produsere 15-åringar som er modne for A-lagsfotball. Det gjer vi med å trene minst dobbelt så mykje som før og med minst dobbelt så god kvalitet på treningane, seier Rønningen.

– Kva med ungane som kanskje ikkje er blant dei beste?

– Det er like viktig for oss at også dei nest beste og tredje beste blir betre. Vi ser at vi tek med oss breidda, og at alle får meir trening og eit betre tilbod. Så dette gjeld ikkje berre dei aller beste. Det er viktig at vi tek vare på alle.

– Korleis er tilbakemeldingane frå foreldra?

– Når det skjer nye ting, blir det alltid ein del uro. Men no har det gått nokre år, og alle ser at dei får eit betre tilbod enn før – og at vi ikkje gløymer dei som ikkje har komme så langt, seier Rønningen.