NRK Meny
Normal

Startar opp dagkirurgien på Nordfjordeid

Helse Førde vil starte opp prøvedrift med dagkirurgi på Nordfjord sjukehus så snart som råd er.

Nordfjord Sjukehus

FÅR DAGKIRURGI: Frå hausten kan pasientar i Nordfjord bli operert for grå stær ved sjukehuset i Eid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det kom fram på styremøtet i dag Helse Førde i dag. Full drift blir det likevel neppe før i november, seier Helse Førde-direktør Jon Bolstad.

– Vi er i gang med kravspesifikasjon for medisinteknisk utstyr. Vi jobbar også med bemanning og ser på korleis vi best kan finne gode løysingar når det gjeld organisering av fagområde. Vi skal ha prøvedrift der vi får inn ein del mindre kirurgi, rett og slett for å teste systemet og korleis vi skal jobbe, seier Bolstad.

I februar sa styret i Helse Vest ja til eit avgrensa tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Det er snakk omom lag 60 operasjonsdagar i året og i hovudsak grå stær-operasjonar.

No har Bolstad bede dagkirurgisenteret om å organisere eit løp som gjer at dei kan behandle dei første pasientane allereie neste månad.

– Auge er eit viktig fokusområde, for dette handlar ofte om eldre pasientar og er ei teneste med eit stor volum i Nordfjord. Men fordi vi har offentlege innkjøpsreglar, trur eg ikkje vi kjem i gang med grå stær-kirurgi før i slutten av året.

Men han ønskjer at dei skal komme i gang med andre område medan dei ventar på dette. Han kan enno ikkje seie kva område dette er.

– Vi har ei arbeidsgruppe har fått i oppdrag med å jobbe sjå på dette. Vi får komme tilbake med meir informasjon når vi har konkrete pasientar som blir behandla, seier Bolstad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune