Hopp til innhold

Politiet startar avhøyr i mobbesak denne veka

Politiet tek til med å avhøyre dei involverte partane i mobbesaka i ytre Nordfjord denne veka. Det er vel to veker sidan eit foreldrepar melde rektoren og ein lærar ved ein barneskule i ytre Nordfjord fordi dei meiner barnet deira har vorte mobba på skulen.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

STARTAR AVHØYR: Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, håpar alle avhøyra i saka er ferdige i løpet av to veker.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Vi har brukt litt tid på å setje oss inn i ein omfattande dokumentasjon som ligg ved politimeldinga, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

Det var i byrjinga av juni at eit foreldrepar politimelde rektoren og ein lærar ved ein barneskule i ytre Nordfjord fordi dei meiner barnet deira har vorte mobba på skulen, og at skulen ikkje har gjort nok for å rydde opp.

– I løpet av denne veka kjem vi til å starte med avhøyr i saka, seier Hvattum.

Vil ikkje kommentere kva mobbing det er snakk om

Politiet ønskjer raskast råd å få snakka med dei involverte partane i saka.

– Vi kjem til å snakke med både foreldre og tilsette ved den skulen det gjeld, seier Hvattum.

Han ønskjer ikkje å kommentere noko om kor alvorleg mobbing barnet har vore utsett for.

– Nei, det ønskjer vi ikkje å seie noko om. Det må vi eventuelt komme tilbake til når vi har komme lenger i etterforskinga, seier Hvattum.

Kjem til å prioritere saka

Regionlensmannen understrekar at politiet ikkje har teke imot fleire politimeldingar om liknande saker.

– Eg har ikkje registrert noko slikt per i dag, seier Hvattum.

Han seier det er vanskeleg å seie noko om kor lang tid saka vil ta for politiet å nøste opp i.

– Det er alltid vanskeleg å seie noko om det, for det kjem an på kva som skjer. I tillegg er det snart ferietid. Men dette er ei sak som vi skal prøve å prioritere i den grad vi har mannskap til å setje inn, seier Hvattum.

Han trur ein veit meir i løpet av dei to neste vekene.

– Då vil vi iallfall ha teke unna hovuddelen av avhøyra, seier Hvattum.