Hopp til innhold

Startar likevel opp kristenskule i Fjaler

For to veker sidan var oppstarten ved den nye kristne skulen i Fjaler avlyst fordi berre ein elev ville gå der. No har elevtalet dobla seg, og skulen startar opp neste veke.

Magnar Hellesøy

STÅR BAK KRISTEN-SKULE: Magnar Hellesøy, lærar og tidlegare toppkandidat for partiet De Kristne, meiner Sogn og Fjordane heilt klart treng ein kristen-skule.

Foto: Kita Eilertsen / Altaposten

– Det er sjølvsagt veldig hyggeleg. Vi gler oss til å komme i gong, seier Magnar Hellesøy, styreleiar for Fjaler Kristne Skule AS.

– Ønskte større elevgrunnlag

Det var i slutten av mai det vart kjent at lærar og tidlegare toppkandidat for Partiet De Kristne, Magnar Hellesøy, ville starte opp ein ny friskule i Fjaler.

Skulen har fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet for ein kristen skule med inntil 90 elevar frå 1. til 10. klasse, og undervisninga vert lagt til klasserom på Dale vidaregåande skule.

Men då skuleåret skulle starte opp for 14 dagar sidan kom kontrabeskjeden. Elevgrunnlaget var ikkje stort nok, fortalde rektor Odd-Jarle Øvreås.

– Vi har drive og reklamert for det og satsa på det, men når dagen kom var det berre ein elev som hadde takka ja og ville starte på skulen. Vi ønskte eit større elevgrunnlag for å setje i gang skulen, sa Øvreås til NRK.no.

– Folk trekkjer folk

To veker inn i det ordinære skuleåret melder skuleleiinga at skulen likevel får stort nok elevgrunnlag til å starte opp.

– No har vi fått to elevar som vil gå på Fjaler kristne skule. Vi har flotte lokalitetar på Dale vidaregåande og vi startar opp på onsdag klokka 09, seier Hellesøy.

– Då skuleåret starta for to veker sidan hadde de ein elev, og de ville ikkje starte opp. No har de fått ein elev til, kva har endra seg?

– Det er det at det er 100 prosent auke, og det er veldig triveleg. Ofte er det slik at folk trekkjer folk. Det har det også gjort no, og det er veldig positivt, seier Hellesøy som trur at skulen vil få fleire elevar på sikt.

Held til saman med resten av elevane

Hellesøy viser til at det historisk sett fleire gonger har vore slik at friskular har fått ein trå start.

– Det kan vere utfordrande å komme i gong, men når ein er kome i gong og folk ser at det skjer og høyrer at det går bra med elevane, så er det fleire som får lyst å sende ungane dit, seier han.

Dei to elevane vil få klasserom på Dale vidaregåande, og den kristne skulen vil også ha tilgang på skulen sine spesialrom i forhold til undervisning i ulike fag.

– Elevane vil møte alle andre vidaregåande elevar i friminutta, og det er miljø og aktivitetar dei kan halde på med der, seier Hellesøy.