Hopp til innhold

Landslagssjefen startar leitinga etter kvinnetrenar

På blokka står allereie fire namn som er aktuelle kandidatar som ny hovudtrenar for langrennsdamene.

Vidar Løfshus

LEITAR: Vidar Løfshus har jobba med å komme seg etter sjokkbeskjeden om at trenar Egil Kristiansen gir seg for langrennskvinnene.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Roar Hjelmeset er ein absolutt aktuell kandidat med høg kompetanse og representerer kontinuiteten her, og han har jobba med jentene i mange år, seier landslagssjefen Vidar Løfshus.

Søndag vart det klart at trenar for langrennskvinnene gjennom ti år, Egil Kristiansen, gir seg. Frå før har Trond Nystad gitt seg. Dermed står damene utan hovudtrenar berre eitt år før VM i Lahti, og to år før OL i Sør-Korea. Glopparen Roar Hjelmeset har sagt at han stiller seg disponibel som hovudtrenar, men berre for eitt år.

Roar Hjelmeset

KLAR: Glopparen Roar Hjelmeset er motivert for å trene jentene mot eit nytt VM.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi vil gå ei runde internt blant dei trenarane vi har. Då er både Roar Hjelmeset, Sjur Ole Svarstad, Arild Monsen og Anders Bystrøm kandidatar. Det treng ikkje bli nokon av dei, det kan hende vi må ut eksternt. Men det kan godt hende at Roar blir hovudtrenar, det veit vi ikkje enno.

– Sentral brikke

Arbeidet med å finne ein erstattar for Egil Kristiansen startar i dag. Løfshus vedgår at det har tatt tid å komme seg etter sjokkbeskjeden over at Egil Kristiansen sluttar.

– Vi skal ha ein god prosess og få til ei god løysing.

Sjur Ole Svarstad

KANDIDAT: Sjur Ole Svarstad frå Markane i Stryn er ein aktuell kandidat til trenarjobben for langrennsdamene.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hjelmeset seier til NRK.no at han vil ikkje love seg vekk i meir enn eitt år slik sportsleiinga ønskjer for å sikre ein trenar gjennom OL, men at han har lyst og er motivert for å trene kvinnene.

– Det er dette eg likar best i heile verda. Men vi er inne i det sjette året, og ein eller annan gong er det nok. Det går ei grense for kor lenge ein skal jobbe med dei same folka, sa Hjelmeset.

Hjelmeset er populær blant damene

Jentene har også ivra for at Hjelmeset skal halde fram som trenar, og oppmoda han om å fortsette.

– Jentene likar Roar veldig godt og synest han har gjort ein fabelaktig jobb dei siste åra. Så eg håpar han er med som ein del av teamet til vinteren. Så får vi sjå kva rolle det kan bli, det har eg ikkje svar på i dag.

Løfshus skal starte praten med dei aktuelle interne trenar kandidatane i dag, og satsar på å ha ei avklaring i løpet av ein månad.