NRK Meny
Normal

Startar kronerulling

Vågsøyværing vil sanke saman pengar etter gigantunderskot med The Tall Ship's Races

Mynt i hånden
Foto: Eirik Waage / NRK

- Det blir ei slags julegåve til Vågsøy kommune.

Det seier Helge Hafsås som vil starte kronerulling for å hjelpe kommunen ut av underskotet etter Tall Ship's Races.

Stort underskot

Segleskutefesten førte til eit underskot på 13 millionar kroner.

- Kvar husstand får brev om å bidra, og på den måten kan dei hjelpe til slik at tenestetilbodet i kommunen ikkje blir dårlegare, forklarar Hafsås

- Takk

Ordførar Roger B. Silden seier han er takksam for alle bidrag som kjem inn.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.