Startar innsamlingsaksjon etter brannkatastrofen

– Vi ynskjer å hjelpe flest mogleg. Det er ei katastrofe av dimensjonar, seier Berit Lyslo Concha i Stryn IOGT. Organisasjonen arbeider no med å stable på beina ein innsamlingsaksjon får hjelpe råka etter storbrannen i Chile.

Skogbrann i Chile

HARDT RÅKA: Mange av dei hardast råka av storbrannen i Chile var fattige, og står no på heilt bar bakke.

Foto: FELIPE GAMBOA / Afp
Oddleif Løseth
Journalist

Flammane i Valparaiso kravde 15 menneskeliv, slukte nær 2.500 heimar og gjorde kring 12.500 menneske heimlause.

Enorme øydeleggingar og svært mange råka engasjerer til innsamlingsaksjon.

– Vi gjorde vedtak og starta så smått å sende ut stafettpinnar på onsdag. Vi utfordrar i alle retningar. Vi har tenkt på ein hjelpekonsert og jobbar også med å få opp ei teletorgteneste, seier Berit Lyslo Concha i Stryn IOGT.

Likskap til Lærdal

Berit Concha

ENGASJERT: Berit Lyslo Concha tykte det var tøft å sjå bileta frå brannherja Valparaiso.

Foto: Privat

Ho er sjølv gift med ein mann frå den historiske hamnebyen i Chile.

Sjølv om familien hans bur kring tre kilometer frå området der flammane herja, har det vore sterkt å sjå bileta rulle over TV-skjermen.

Brannen starta som ein skogbrann utanfor byen, men sterk vind frå Stillehavet gjorde at flammane spreidde seg raskt ti kystbyen nordvest for hovudstaden Santiago.

– Heilt forferdeleg. Vi fekk mykje assosiasjonar til det som skjedde i Lærdal. Også i Valparaiso var det sterk og skiftande vind, og bratt og kupert terreng som gjorde sløkkingsarbeidet vanskeleg, seier ho.

Fattige hardast råka

Brannsjefen i Valparaiso, Enzo Gagliardo, kunne onsdag melde at flammane var sløkt. Då hadde brannen herja i fleire dagar, og slukt alt som stod i sin veg.

Då hadde flammane råka eit område på kring åtte kvadratkilometer.

– Vêret har hjelpt oss. Vi har hatt mykje duskregn og ganske mykje fukt om natta. Det har hjelpt oss ekstremt, sa han.

(Artikkelen held fram under videoen)

I kystbyen Valparaiso i Chile har minst 11 mennesker mistet livet etter en kraftig brann. Minst 500 hus er ødelagt og flere tusen har måttet reise fra hjemmene sine. Brannen startet som en skogbrann utenfor byen, men sterk vind fra Stillehavet gjorde at den spredte seg raskt. Presidenten har erklært byen som et katastrofeområde og militæret er satt inn i evalueringsarbeidet.

SJÅ VIDEOEN: Flammane forsynte seg grovt frå dei fattigaste områda i Valparaiso.

Nokre av byens fattigaste bydelar er hardast råka. Lyslo Concha har sjølv vore i området og kjenner til menneske som er råka av brannen.

– Det seier seg sjølv at hjelpebehovet er stort. Det er folk som i utgangspunktet har lite frå før, som ikkje har forsikringar på husa sine, og som no står meir eller mindre på bar bakke, seier ho.

Spontanaksjon

Stryn IOGT er ei lokal avdeling for Organisation of Good Templars, også kjend som Godtemplarordenen.

Organisasjonen er eit internasjonalt fellesskap av frivillige organisasjonar som driv rusførebyggande arbeid og som driv solidaritetsarbeid i ulike delar av verda.

– Denne aksjonen vart veldig spontant, men vi vil halde den gåande så lenge det er hjelpebehov. Det har også vore snakka om moglegheita for eit fadderprosjekt i etterkant, men vi må sjå korleis ting utviklar seg, seier Lyslo Concha.

– Alt vil hjelpe

– Men korleis har de tenkt at hjelpa og pengane skal kome fram?

– I utgangspunktet har eg, som leiar av IOGT i Stryn og i Sogn og Fjordane, tenkt å reise ned for å finne ein kontaktperson vi kan nytte oss av. Røde Kors er også ein internasjonal aktør vi kan nytte oss av, men vi får sjå korleis ting blir kanaliserte når vi veit meir.

– Vi har oppretta ein bankkonto, og kvart vesle bidrag er med på å støtte. Vi tek imot både stort og smått. Og dersom det er andre krefter som vil medverke, så seier vi ikkje nei takk til det, avsluttar Lyslo Concha.

Kontonummeret til innsamlingsaksjonen er: 3705.26.43377

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.