Hopp til innhold

Fryktar for familien som bur i Liberia der ebolaen herjar

Systrene Felicia Seton og Susannah Johnny fryktar for liv og helse for slektningane sine i Liberia der ebolaviruset herjar. Saman med liberiarar i Norge startar dei no innsamlingsaksjon.

Created by InfoDispatcher

TUNGT: For liberiarar som bur i Norge er det tøft å sjå korleis sjukdommen Ebola herjar i heimlandet. Foto/redigering: Steinar Lote/Heidi Lise Bakke

– Vi er ura for mora vår, seier systrene.

For mora bur framleis i Liberia som no vert herja av sjukdommen ebola. Systrene, som bur i Gloppen, er redde for at nokon i familien deira skal verte smitta.

– Vi er veldig uroa fordi vi har familie i Liberia. Vi veit ikkje kva som skjer med dei, seier Johnny.

Er uroa for spreiing

Det er tungt å vere så langt frå familien sin og ikkje vite kva som skjer.

– Det er veldig trist å sjå og høyre. Vi har familie og venner der. Svigerinna mi har mista to kollegaer og vi er veldig uroa for familien. Vi har det bra her i Norge, men vi er veldig, veldig uroa for familien vår i Liberia, seier Seton.

Den dødelege sjukdommen, som det i dag ikkje finst nokon medisin mot, har teke livet av meir enn 1500 menneske.

Felicia Seton

VIL HJELPE: Felicia Seton er klar til innsamlingsinnsats, og er viss på at det vil hjelpe innbyggjarane i heimlandet hennar Liberia i kampen mot ebolaviruset.

Foto: Steinar Lote / NRK

Viruset har spreidd seg til Liberia, Guinea, Nigeria og Sierra Leone, og det smittar gjennom kroppsvæske.

– Vi er uroa for at ebola skal spreie seg til den andre delen av Liberia, seier Seton.

Har ikkje hatt god nok kjennskap

Ho peikar på at situasjonen er svært alvorleg.

– Dei har stengt grensene og skulane, og på grunn av alt har prisane på alle varer gått veldig opp, seier Seton.

Søndag startar dei opp pengeinnsamling i bedehuset på Sandane i Gloppen. Men dette er ein aksjon som strekkjer seg lenger enn Sandane i Gloppen, og på landsbasis startar aksjonen allereie fredag.

– Alle liberiarar i Norge skal gå ut for å samle inn pengar, seier Seton.

Begge systrene jobbar i helsestellet og trur kroppskontakt er ei av årsakene til at heimlandet deira er vorte så hardt råka.

– Ebola er nytt for oss. Når nokon er sjuke, hjelper vi dei. Vi spring ikkje frå dei som er sjuke, men vi hjelper dei. Eg trur det er årsaka til at det har spreidd seg så veldig, seier Seton.

Vil kjøpe utstyr og mat

Ho legg til at kunnskapen om ebola var svært låg før sjukdommen råka Liberia, og at ein kanskje difor ikkje har visst nok for å ta dei naudsynte forholdsreglane.

– Vi er veldig nær kvarandre og folk har ikkje vore medvitne på kor alvorleg dette viruset er. Helsepersonalet har heller ikkje hatt så godt vern, og difor trur eg det har spreidd seg så fort, seier Seton.

TV-bileta av lidingane har ført til at dei og resten av liberiarane i Norge startar ein innsamlingsaksjon for å stoppe spreiinga av sjukdommen.

– Pengane skal gå til utstyr og mat. Vi vil kjøpe utstyr til helsepersonell og til familiar, seier Seton.

Ho har tru på at ein kan få gjort mykje med dei midlane som vert samla inn.

– Det betyr veldig mykje. Desse pengane skal gå til å lage senter andre stadar slik at dei får førebudd seg, og for å hindre spreiing, seier Seton.

Vil halde kurs på landsbygda

Dei ønskjer også at pengane skal nyttast til å halde kurs i landsbyar for å lære lokalbefolkninga korleis dei på best mogleg vis kan hindre viruset i å spreie seg.

– Det er viktig å fortelje dei kor alvorleg ebola verkeleg er, seier Seton, og peikar på at det også trengst ein del utstyr.

Bjørg Sandal

POSITIVT: Bjørg Sandal har forståing for at liberiarar i Norge vil gjere noko for folk i heimlandet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dei pengane som vi får samla inn skal gå til utstyr som gummistøvlar, hanskar, munnbind og heile drakter som beskyttar mot smitte, seier Seton.

I Gloppen er det mange som ønskjer å støtte dei.

– Dei prøver iallfall å gjere noko og det går til heilt konkrete ting. Då veit ein iallfall kor pengane går hen, seier Audhild Antonsen.

– Eg tykkjer det er flott at dei har teke initiativet til det, og eg håpar glopparane stiller opp og gir rikeleg, seier Bjørg Sandal.

Audhild Antonsen

GODT INITIATIV: Audhild Antonsen rosar initiativet til innsamlingsaksjon.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det gler Seton å høyre.

– Vi ber lokalbefolkninga om å hjelpe oss, seier ho.