NRK Meny
Normal

Startar helga med det beste vêret i Europa

Smaken av sommar blir enda sterkare i starten av helga i heile fylket.

Soldag i mai,

SOL: Ein lesar har delt dette flotte bildet med oss, frå ein perfekt soldag i mai ved kysten av Sogn og Fjordane.

Foto: Instagram/westcoast_of-norway / privat

Sogn og Fjordane vann ikkje kampen om høgste temperaturen torsdag, men fleire stader i fylket melde seg på i kampen.

Og det blir fleire sjansar for sol og sommarkjensle inn mot helga. Fredag og laurdag er det sannsynleg at Vestlandet får dei høgste temperaturane.

Nesten sommar

– Fredag ser like bra ut som i dag. Kanskje enda betre, temperaturane kan fort stige opp mot 19 grader på dei varmaste plassane i fylket, seier statsmeteorolog Anders Sivle.

Om temperaturen går over 20 grader, blir det rekna som ein nordisk sommardag. Over den magiske 20-talsgrensa er det berre Etne i Hordaland som er komme enno.

Men hakk i hel jagar Stryn og Fjærland.

– På kysten er det venta kaldare. Der vil det vere rundt 12–13 grader. Der er vêret prega av den kalde havlufta og nordavind som gjer det litt kjøligare.

Laster Twitter-innhold

Lufta har vore i Syden

Den uvanleg varme lufta som nesten gir sommartemperaturar i fylket, kjem opphavleg

værkart 6.mai

VÊRKART: H for høgtrykk, og det betyr meir sommarleg vêr fram mot neste veke.

Foto: meteorologisk institutt

frå sørlegare breiddegrader.

Den har teke seg ein rundtur oppom Grønland og Island, før den treff Sør-Norge, fortel meteorolog Mathilda Hallerstig til Yr.no.

Fredag og laurdag blir vêret i Sør-Norge det beste i heile Europa, fortel meteorologen.

– Det er kanskje litt varmare kring Middelhavet, men der har dei lågtrykk som gir skyer og regn.

Sol og varme gjer også at plantene trivst. No er pollensesongen i gang. Du kan følge pollenvarselet for ditt område her, og ha lommetørklet klart.

Det er altså ingen tvil om at våren er her. Del gjerne dine vårbilde med oss i NRK Sogn og Fjordane!

sommer i olden

PARASOLL: Anitha Kvamme frå Olden måtte ta fram parasollen då sola var på sitt sterkaste og gradestokken synte 18 grader torsdag. Ifølge meteorologen, kan ho berre late parasollen stå framme dei neste dagane.

Foto: Instagram/anithakvamme / privat
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå