Hopp til innhold

Startar graving i søket etter sakna mann i Jølster

Politiet har starta søk med gravemaskin i rasområdet på fv. 451, der ein bil vart teken og ein mann er sakna. Det har førebels ikkje blitt gjort funn.

Graving i ras Jølster, fv. 451

STARTAR GRAVING: Det vert no starta graving i søket etter den sakna mannen i Jølster.

Foto: Bård Siem / NRK

Det opplyser politiet i ei pressemelding.

Søk brannvesenet gjorde med metalldetektor søndag avdekka eit område på land ved Skei-sida av raset, skriv politiet.

Ein geolog har vurdert det aktuelle området som trygt, og gravinga startar i dag. Tysdag vil det verte starta søk med ROV-miniubåt og magnetsøkar frå båt.

Ein mann i 50-åra har vore sakna sidan uvêret herja i Jølster førre tysdag, og er antatt omkomen.

– Primæroppgåva i dag

– Vi er i gang med å grave i eit område der brannvesenet gjorde søk med metalldetektor, som gav indikasjon om at det kunne vere aktuelt å grave der, seier innsatsleiar i politiet Trond Olav Hatlenes.

– Det er det som er primæroppgåva i dag.

– Trur ein no at bilen kanskje kan vere på land?

– Det kan vi ikkje utelukke, og vi skal i alle fall sjekke det ut før vi set i gang søk med ROV i morgon.

Området det no vert søkt i med gravemaskin er om lag 7x15 meter stort, og er rett nedanfor vegen, opplyser Hatlenes.

Førebels ingen funn

Klokka 14.20 fortel Hatlenes til NRK at gravinga førebels ikkje har ført til nokon funn. Gravinga starta rundt klokka 11 i føremiddag.

– Det er framleis eit lite område att å grave i, så får vi ta det derifrå, seier Hatlenes.

– Vi håpar sjølvsagt at vi skal klare å finne bilen her på land.

Innsatsleiaren seier at søket på land vil halde fram til dei meiner det ikkje er naudsynt å grave meir. Oppstart av søk i vatnet vil bli i morgon.

– «Stopp, stopp!»

Då Harald Egge høyrde det byrja å rase tok han kikkerten sin for å få betre sikt. Røyk og mykje regn gjorde at det var vanskeleg å sjå.

Harald Egge såg då raset gjekk

VITNE: – Det var enorme krefter i sving i raset, seier Harald Egge. Søk med miniubåt viser at raset har gått 750 meter ut over Jølstravatnet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi kunne ikkje sjå sjølve raset, men vi såg ei grå sky som rasa nedover, seier han.

I mørket kunne han sjå billys som nærma seg raset.

– Eg stod sjølv og sa «stopp, stopp!», men så såg eg at raset kom rett på bilen.

Han brukte kikkerten sin for å sjå om bilen greidde å kome seg ut på andre sida, men i staden såg han at det kom bølgjer i vatnet.

– Då skjønte eg kva som hadde skjedd.

Han ringde til politiet og sa kva han hadde vore vitne til. Det kom fleire bilar mot raset, men dei greidde å stoppe i tide, fortel han.