Hopp til innhold

«Stemninga er vel heller laber, ein veit ikkje kven som må gå og kven som blir igjen»

Stemninga blant tilsette og tillitsvalde i Havyard er alt anna enn god etter at dei fekk vite at 100 årsverk skal vekk i Leirvik og Fosnavåg. I dag startar forhandlingane om kven som må gå.

Havyrad Leirvik

HØG AKTIVITET: Havyard sitt verft i Leirvik har hatt fulle ordrebøker i mange år. No er det bråstopp for verftet og eigarselskapet Havyard Group.

Foto: Bård Siem / NRK

– Stemninga er vel heller laber, folk blir jo usikre. Ein veit ikkje kven som må gå og kven som blir igjen.

Det seier tillitsvald i Forbundet for ledelse og teknikk (FLT), Johnny Sande, til NRK.

– Dette er veldig vanskeleg for oss alle. Det er klart at verftet har behov for å sitje att med dei folka dei meiner dei må ha, men dette er jo eit forhandlingsutgangspunkt.

Gjev oljekutt skulda

Havyard Group gav sist veke beskjed om at 100 årsverk skal kuttast ved dei ulike avdelingane i Sogn og på Sunnmøre.

På verftet i Leirvik i Hyllestad kommune er det i dag 240 tilsette. Direktør for marknad og forretningsutvikling Gunnar Larsen forklarte førre veke kutta med nedgangen i oljenæringa.

Gunnar Larsen

NAUDSYNT: Gunnar Larsen i konsernleiinga i Havyard Group, meiner at nedgangen i oljebransen gjer kutta i Havyard naudsynte.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er som eit tiltak i tillegg til ein generell effektivisering for å ta att den konkurransekrafta bransjen vår og kanskje resten av Norge har mista i den "boomen" vi har vore igjennom, meiner Larsen.

Vonar på god omstilling

For tillitsvald Morten Langeland i Fellesforbundet er kutta er større enn forventa.

– Slik situasjonen har vore så er det vel ikkje heilt uventa, men omfanget av det er meir enn det ein kunne tenkje seg, seier Langeland.

Johnny Sande i FLT meiner alle verft har lent seg for mykje på oljeindustrien, men håpar omstilling over til fisk- og vindmøllefartøy vil lukkast.

– Det er ei veldig stor omstilling på gang, og eg vonar at vi lukkast med det alle saman og kanskje verftet vil bløme opp att og folk kan få kome attende. Det er ein fin plass å jobbe på, slår Sande fast.