NRK Meny

Startar analysearbeid etter brann

Statens havarikommisjon for transport har henta inn all fakta og informasjon etter brannen i Fjærlandstunnelen for eitt år sidan. 13 personar vart røykskadde då det 17. april i fjor byrja å brenne i motorrommet på ein lastebil. Avdelingsdirektør Rolf Mellum seier at dei meiner å ha god oversikt over det som skjedde før og under brannen. Dei er no i gang med analysearbeidet.

Tunnel etter brannen
Foto: Statens vegvesen