Hopp til innhold

No har han trykt på knappen - snittmålinga i Lærdalstunnelen er igang

Klokka elleve trykte vegvesenet på knappen som starta snittmålinga av fart i Lærdalstunnelen på E16.

Lærdalstunnelen og Jon Anders Lien

KLAR FOR NY FARTSMÅLING: Avdelingsingeniør Jon Anders Lien har nettopp trykt på knappen som starta opp snittmålinga i Lærdalstunnelen.

Foto: Jon A. Lien

Tunnelen er verdas lengste biltunnel og blir no den lengste strekninga i verda der ein måler snittfarten. Avdelingsingeniør Jon Anders Lien var på plass for å dekke av skilta som varslar den nye snittmålinga og for å starte opp systemet.

– No er det eintydig at du blir fotografert og målt på heile strekninga, seier han.

Tek bilete både inn og ut

Det blir teke bilete av alle bilar som køyrer inn i Lærdalstunnelen. Kameraet blinkar svakt med raudt lys. Det same vil du oppleve ved passering av det andre kameraet i målestrekninga. Dette viser berre at kameraet tek bilete av bilen.

Dersom du ikkje har køyrt for fort i 80-sona som er i heile tunnelen, vil biletet bli sletta med ein gong. Men dersom du har køyrt for fort, vil det blinke eit tydeleg varsellys om at biletet blir lagra og du kan venta deg ei bot eller i verste fall at førarkortet ditt blir kverrsett.

Snittrafikken gjennom Lærdalstunnelen var i 2012 på 1896 køyretøy i døgnet. I sommarmånadene er det meir trafikk og i juli i fjor var det i snitt 3221 køyretøy som køyrde gjennom tunnelen kvar dag.

I 2012 var det 384 sjåførar som fekk forenkla førelegg for høg fart i verdas lengste. I tillegg har fleire mista lappen for altfor høg fart.

Glad for at målinga er på plass

I fjor kom det pålegg frå vegdirektoratet om at fleire stader skulle ha snittmåling. Lærdalstunnelen var ein av dei. Lien er glad for å endeleg å ha fått systemet på plass.

– Det er ei stor lette. Det har vore ein del hindringar undervegs. Opplegget er komplisert og vi har hatt ein del utfordringar som har dukka opp undervegs. Det er snakk om kabling og eit oppsett som krev mykje.

Vegvesenet håpar no å få farten ned og unngå ulukker.

– Det er det vi håper på. Forsking viser at om farten går ned, går talet på ulukker ned. Konsekvensane blir også mindre ved ei ulukke om farten er lågare, seier Lien.

Gjennomsnittsmåling i Lærdalstunnelen

SNITTMÅLING: No blir det gjennomsnittsmåling av farten din i Lærdalstunnelen.

Foto: Jon A. Lien / Statens vegvesen