NRK Meny
Normal

Starta planlegginga av russetida eit år i forkant

GAULAR (NRK): Eit halvt år før russetida deira set i gong, har dei snart bilen klar med logo og eigen russesong.

Russebil

SPENTE: Brita Olin Birkeland, Taline Vinjevoll Årdal og Marte Vingsnes gler seg stort til å ta bilen i bruk i mai.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Vi har planlagt sidan i vår. I april opna vi bankkonto og vi overfører to hundre kroner til den kvar månad, seier Marte Vingsnes.

Fleire russ NRK har snakka med seier at dei er i gong med førebuingane til russetid, og mange har allereie bilen på plass.

Marte Vingsnes, Taline Vinjevoll Årdal og Brita Olin Birkeland har bil saman med seks andre, og dei starta førebuinga så snart det førre russekullet var ferdige med feiringa. Eit halvt år før russetida deira startar har dei bilen på plass. Snart har den også designa logo og egen song.

Legg ned mykje dugnadsarbeid

I tillegg til dei kronene dei betaler sjølv inn til russebilkontoen, har jentene jobba fleire helger og kvelder på dugnad for å samle inn pengar. Dei har også skaffa seg om lag ti sponsorar som etter kvart skal få logoen sin på utsida av bilen.

Mykje av arbeidet gjer dei sjølv, og ho håper at dei kan selge bilen litt dyrare enn dei kjøpte den for, slik at dei går i null.

– Eg trur ikkje at arbeidet går ut over skule og jobb sidan vi jobbar med dette over så lang tid, seier Birkeland.

– Det er kjekt! Vi har det gøy når vi jobbar med bilen, seier Marte Vingsnes.

Russebil

MYKJE ARBEID: Jentene har rive ut mykje av det som var i bilen frå før, og planlegg å måle om tak og golv. Taline Vinjevoll Årdal syner fram kva dei har planlagt.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Vil ikkje avsløre konseptet

Det viktigaste er å ha eit gjennomført konsept, meiner jentene. Temaet på bilen vil dei at skal vere ein hemmelegheit, men dei kan avsløre at det blir mørkt og dramatisk.

Dei har bestilt sin egen russesong, og hadde tydelege instruksjonar til han som lagar den for dei.

– Vi ville ha ein sjuk «beat» og ein veldig bra «drop» som garanterer god stemning, seier Årdal.

Skaper samhold

Sofie Sundberg

SAMHALD: Nestleiar i elevorganisasjonen i Sogn Og Fjordane, Sofie Sundberg seier det handlar om samhald at ein startar så tidleg.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Sofie Sundberg er nestleiar i elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane. Ho er sjølv russ, og trur ein startar førebuingane til russetida så tidleg av sosiale grunnar.

– Ein blir ikkje så godt kjent dei to første åra. Det siste året blir det veldig godt samhold i kullet. Det ønsker ein å forsterke gjennom heile året, og ikkje berre dei siste sytten dagane ein går på skule saman, seier Sundberg.

Verdt det!

Jentene har gledd seg til russetida lenge, og har ingenting i mot å legge mykje tid og arbeid i russebilen.

Er det verdt det? Så mykje arbeid og pengar for sytten dagar i russebukse?

– Ja, svarer dei i kor.

– Eg gler meg veldig! Aller mest til å reise på treff, og vere saman med alle vennene mine. Alle prioriterer å vere ute med vennene sine og feste, seier Taline Vinjevoll Årdal.

Russebilen

SNART KLAR: Om ikkje lenge kjem logoen deira på framsida av bilen.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune