Hopp til innhold

Starta på skipstunnelen

Erling Sande heldt vallovnad og tok første spadetak på Stad skipstunnel.

F.v. Ordførar Gunn Helgesen, stortingspolitikar Erling Sande og ordførar Jan Helgøy.
Foto: Ageir Reksnes / NRK

I dag var tida inne for å innfri ein mykje omsnakka vallovnad for stortingspolitikar Erling Sande.

Under ein paneldebatt i Vågsøy for fire år sidan lova Per Steinar Osmundnes (KrF) å ta saka i eigne hender viss det ikkje vart oppstart av Stad skipstunnel i denne stortingsperioden. Han skulle ha med seg ordførar i Vanylven Jan Helgøy, og Erling Sande lova å slutte seg til.

Held lovnad

Laurdag sette Erling Sande spaden i jorda i Kjøde saman med Vanylven-ordføraren og ordførar i Selje Gunn Helgesen. For trass i at Stad skipstunnel får 200 millionar i Nasjonal Transportplan , blir det ikkje oppstart før i 2013.

- Eg har prøvd å leve opp til det prinsippet at ein skal stå for det ein seier. Sjølv om det kom positive signal, får vi ikkje starta opp i denne perioden, så då skal eg byrje å grave saman med Jan Helgøy, seier Erling Sande.

- Men no er det mest moro sidan vi har fått oppstartløyving til skipstunnelen, seier han.

Eit gjennombrot

- Dette er det mest fantastiske som har skjedd. Det er eit forpliktande gjennombrot. Eit beløp på 200 millionar betyr at det er alvorleg meint, seier Helgøy.

Han meiner at uansett regjeringskonstellasjon, så forpliktar Nasjonal Transportplan.

Fleire hinder

- Vi har fått nøkkelen. Det er avgjerande å vere inne på NTP, så det er ein siger. Men vi veit det finst fleire hinder framover, seier Gunn Helgesen.

Den siste store utgreiinga til Kystverket om Stad skipstunnel vart gjort i 2007 , og sluttraporrten konkluderte med at tunnelen vil gje positiv samfunnsøkonomisk nytte.

Rapporten blir no kvalitetssikra for Fiskeri- og Kystdepartementet, men analyseselskapet er fleire månader forseinka.

- Kor fort forventar de at spaden er i jorda?

- Vi skal jobbe kvart år for at det skal skje så fort som mogleg, seier ho.

Har angra på lovnaden

Erling Sande seier det blir viktig framover å sikre at Stortinget følgjer opp Nasjonal Transportplan, men han gjev ikkje noko ny vallovnad.

- Har du angra på lovnaden?

- Det har vel vore tider eg har tenkt at eg kunne lete vere å slenge ut noko slikt. Men eg har blitt oppfostra med at eg skal stå ved det eg seier. Så no har vi starta.

- Men litt større må vel holet bli?

- Dette er starten, og det hadde ikkje blitt dei store båtane som kjem gjennom her, seier han.