– Eg har lært mykje, og er sikrare på ståstaden min i EU-saka. No ser eg fram til mykje aktivitet i Sogn og Fjordane. Det er kunnskap som skal til for å vinne EU-kampen, seier Lena Førde.
Ho er nyvald leiar i Sogn og Fjordane Europeisk Ungdom, som no er starta opp att.
Måndag vart dei frammøtte frå Unge Høgre, Unge Venstre, Sosialistisk Ungdom og AUF skolerte i konklusjonane i Europautredningen, overnasjonalt samarbeid og ungdomsengasjement.
Etter skoleringa vart det valt eit nytt styre i Sogn og Fjordane Europeisk Ungdom, og EU-flagget vart heist til topps i flaggstanga utanfor Quality Hotell i Florø.
Dette er det nye styret:
- Leiar: Lena Førde
- 1. nestleiar: Synne Standal Solheim
- 2. nestleiar: Markus Dybedal
- Økonomiansvarleg: Tuva Vigen Bardal
- Sekretær: Fredrik Helland
- Styremedlem: Jacob Nødseth
- Styremedlem: Lise-May Sæle