Hopp til innhold

Starta lokal innsamling for syriske flyktningar

Fredag kveld starta to kvinner frå Høyanger ein lokal innsamlingsaksjon for syriske flyktningar, og allereie no har det teke heilt av. – Det er heilt tydeleg at dette engasjerer mange.

Dråpen i havet avd. Ytre Sogn

HAR TEKE AV: Allereie sidan fredag kveld har den lokale gruppa på Facebook fått over 600 medlemmer. Ingrid Andersen Helle (til høgre) og dottera Renate Andersen Gjermundstad er budde på at innsamlingsaksjonen vil ta mykje av tida deira.

Foto: Privat/skjermdump

Det seier Ingrid Andersen Helle. Saman med dottera, Renate Andersen Gjermundstad, har dei oppretta ei lokalgruppe som er tilknytt det større innsamlingsprosjektet «Dråpen i havet» som vart starta opp i Oslo av Trude Jacobsen.

Fredag kveld oppretta Ingrid og Renate ein lokal versjon av aksjonen for Ytre Sogn og Sunnfjord, i tråd med det mange andre har gjort rundt om i landet.

– Det er eigentleg ganske spontant. Vi har sett på nyheitene og dei stakkars flyktningane som kjem frå Syria. Vi blir veldig triste og grin når vi ser på fjernsynet, og har snakka om kva vi kan gjere, fortel Ingrid.

Måtte avgrense for å ha kontroll

Etter kvart vart ho tipsa om Dråpen i havet, og då mor og dotter ikkje fann ei gruppe for Sogn og Fjordane valde dei å ta saka i eigne hender. Likevel var det viktig for dei å avgrense prosjektet.

Difor konsentrerer dei seg førebels først og fremst om klede og utstyr til born, i tillegg til varmeteppe og førstehjelpsutstyr. Klede til vaksne tek dei førebels ikkje i mot.

– Vi er nøydde til å vere forsiktige skal vi klare å få sendt av garde dei tinga vi får inn. Vi kan ikkje gjere det så stort at vi ikkje klarar å handtere det, seier Ingrid.

Mange vil hjelpe til

Men etter kort tid har dei fått tilbod om hjelp frå fleire kantar. Dei har fått kontakt med to damer i Fjaler og ei i Hyllestad som er villig til å vere kontaktpersonar for å kunne ta i mot det som blir samla inn. Likevel treng dei fleire folk for å dekke heile området.

– Vi er nøydde til å ha kontaktpersonar så vi slepp å reise rundt for å hente ting. Elles er det slik at vi kan sende ting til Oslo, til Trude Jacobsen og dei, så vi slepp å sende det til Hellas, seier den engasjerte kvinna som no håpar at også transportselskap i området kan hjelpe dei.

Innsamlingsaksjonen som har sitt hovudsete i Oslo har teke heilt av. På Facebook-gruppa har dei over 24.000 medlemmer. Gruppa til Ingrid og Renate har nådd over 600 medlemmer måndag ettermiddag.

– Det har eksplodert. Det er tydeleg at dette engasjerer veldig mange