Historia frå Støfringsdal på Vassenden i Jølster starta eigentleg eit par veker tilbake.
Bård Støfringsdal og familien har sidan då leitt etter to kviger som hadde reist frå resten av flokken i skogen. Det nærma seg kalving, og det var viktig å få dei heim, men kvigene var og blei vekke.
Barnehagen blei redninga
Men så, medan far og kona til Støfringsdal var i skogen og leitte fredag, fekk bonden besøk på døra.
– Då kom det ein frå barnehagen og kunne fortelje at dei hadde sett ein kalv oppe i skogsvegen då dei hadde vore på tur. Kalven hadde lege i utkanten av ei myr, fortel Støfringsdal.
Langhaugane barnehage pleier å gå på tur i dette området, og denne gongen var det skikkeleg flaks for bonden. Saman med familien reiste Støfringsdal til skogs. Då låg kalven godt gøymd under ei gran.
– Hadde det ikkje vore for tipset frå barnehagen og at dei hadde hatt augo med seg, så hadde vi nok aldri funne den kalven, for den var ikkje mogleg å sjå før ein vart heilt innpå, fortel bonden.
Redningsaksjon i skogen
Trass i funnet kunne dei ikkje ta kalven heim med det same. Kalven var åleine, og verken mora eller andre dyr var å sjå i nærleiken. Då mora ikkje dukka opp etter nokre timar valde dei å få kalven ned før mørket fall på.
– Så då var det opp med traktor og skuffe og få tak i han, halde han godt fast og frakte han nedover, seier han.
Redningsaksjonen vart til alt hell ikkje så vanskeleg som den kunne blitt, for denne kalven var ikkje vand med å sjå menneske på sitt korte liv. Difor måtte dei vere forsiktige.
– Då var det for far min å legge seg innunder grana og ake seg fram til han, lokke på han og vere forsiktig så han klarte å få eit fast grep på han.
Så kom kvigene også
Støfringsdal veit ikkje akkurat kor gammal kalven er, men tippar han hadde vore i skogen eitt par-tre dagar før dei fann den.
– Han var ved bra mot sjølv om det nok var ei stund sidan han hadde fått mat, seier han.
Vel heime var det rett i frysen for å finne råmjølk til den vesle tassen, men historia sluttar ikkje der. Dagen etter kom nemleg dei to rømlingane, kvigene, også heim att, og mor og kalv er saman igjen.
– Om dei fann ut at det var på tide å komme seg ned igjen til kalven, eller om det var tilfeldig, det er ikkje godt å seie, men det kan godt vere at dei har kome etter oss for å finne ut kva som hadde skjedd med kalven.