Starta leiteaksjon etter gut (6)

Politiet starta seint søndag kveld leiteaksjon etter ein seks år gamal gut i Florø. Etter kort tid vart guten funnen i god behald.

Laster kart, vennligst vent...

Leiteaksjonen vart starta opp i 22.30-tida søndag. Guten var då sist sett i 18-tida då han gjekk heim etter eit besøk hos ein kamerat.

Eitt kvarter seinare vart guten funnen i god behald av familien.

– Han hadde gått inn i eit hus hos, og familien fann han sjølv då dei gjekk frå dør til dør, seier operasjonsleiar Wenche Hope.

Politiet hadde då kalla ut Røde Kors og Norske Redningshundar, samt eige personell.