– Vi høyrde det først på nyheitene, så tikka meldingane inn med spørsmål om det gjekk bra med oss. Det tok litt tid før vi forstod kor alvorleg det var.
Kjersti Austli og Heidi Schie var trygt heime på norsk jord då dei fekk nyheita om jordskjelvet i Nepal som har tatt fleire tusen liv. Dei er elevar ved Sogndal Folkehøgskule og hadde vore i Nepal og Katmandu på studiereise, der dei mellom anna besøkte barneheimar.
- Les også:
- Les også:
Har prøvd å få kontakt med alle
– Vi byrja å tenke på korleis det går med alle folka vi møtte der. Vi prøvde å sende mailar for å få svar.
Dei har fått kontakt med dei som grunnla barneheimen vi besøkte, huset står framleis.
– Vi såg fotballkamp med dei på ei fotballbane der. Men no vert fotballbana brukt som overnattingsstad for to barneheimar i området, 70 born, på grunn av faren for etterskjelv og medan dei ventar på at huset blir undersøkt for skader, fortel dei to elevane.
– Vi vart veldig glade for å høyre at det har gått bra med dei. Men vi har ikkje fått kontakt med ein fair-trade-kontakt frå Canada som skulle på tur til Mount Everest. Så han veit vi ingenting om.
- Les også:
- Les også:
Dei har tenkt mykje på at dei sjølve var midt i jordskjelvområdet.
– Vi hadde nesten håpa at vi var der då jordskjelvet råka slik at vi kunne ha hjelpt dei, og følt at vi bidrog litt. Vi får ikkje gjort så mykje frå Norge.
Startar innsamlingsaksjon
Difor har elevane starta ein innsamlingsaksjon i Sogndal saman med Røde Kors.
– Vi går rundt i Sogndal og prøver å få folk til å støtte alle som treng det. Vi var på femdagars tur i Nepal der vi hadde berarar og guidar frå området. Det går heldigvis bra med dei, men mange av dei mista alt dei hadde. Så vi vil gjerne starte ein privat innsamlingsaksjon for dei.
- Les også:
Dei tykkjer dagens meldingar om kaos i innsamlingsarbeidet er hardt å sjå.
– Det er veldig trist. Det er trist det skjer i eit land som har eit så flott folk, men som er så fattig der basisbehova blir rivne vekk. Det tar tid å bygge opp att vegar og samfunnet, seier dei to.
No oppmodar elevane folk til å gje så det monnar.
– Alt hjelper. Det betyr så mykje for dei som har så lite frå før. Så får dei som er i landet for å hjelpe dei så godt dei kan.
Førebels har dei ikkje fått telt opp kor mykje pengar som er komme inn til aksjonen.