NRK Meny
Normal

Starta innsamlingsaksjon for broren – har fått inn 85.000 kroner

I fortvilinga over livskvaliteten til broren som må betale for ei kostbar spesialistbehandling sjølv, starta søstera, Ingrid Årdal og to vener ein innsamlingsaksjon på Facebook. Hittil har dei fått inn 85.000 kroner.

Ingrid Årdal

HJELPER BROREN: Ingrid Årdal seier behandlinga broren får er smertefull. Men ho håpar den vil gi han eit smertefritt liv etterkvart.

Foto: Privat

– Engasjementet er veldig rørande og overveldande. Det betyr mykje for oss. Vi er veldig takksame og set stor pris på gåvene, seier Årdal, som starta aksjonen saman med Kristine Kjøsnes og Roger Fossheim.

2. september oppretta dei ei side på Facebook der Årdal fortalde om situasjonen til broren, Sondre Årdal. I innlegget fortel søstera om ein ung og aktiv mann på 24 år som har fått sett livet på vent etter at han fekk påvist ein svulst i nakken, øvst i ryggmergen. Sjølv om operasjonen for å fjerne svulsten var vellukka, har broren framleis sterke smerter. I fjor haust flytta han til Bergen for å studere, men han måtte avbryte studia sist vinter.

Må betale sjølve

No får Sondre Årdal ei kostbar behandling hos ein av landets beste nakkespesialistar. Behandlinga starta i haust og skal etter planen vare eit halvt års tid. Men problemet til Sondre er at han ikkje får økonomisk støtte til behandlinga. Han må betale den sjølv. Behandlinga vil koste mellom 90.000 og 100.000 kroner, skriv venene i innlegget på Facebook. Dei oppmodar lesarane om å gi pengar, då Sondre sjølv ikkje er i ein situasjon der han kan skaffe pengane sjølv på grunn av helsetilstanden.

– Når du ser at ein du er glad i har så mykje smerter og må setje livet på vent, då spør du deg sjølv kva du kan bidra med for å hjelpe. Vi valde å hjelpe til med å gjere den økonomiske belastninga mindre. Sondre fortel at det motiverer han, og at det gjer kvardagen lettare for han å oppleve engasjementet og sjå at folk bryr seg.

Smertefull behandling

Også hovudpersonen sjølv er svært takksam for støtta.

– Eg er veldig glad for støtta, seier Sondre Årdal.

Om behandlinga som han er komen halvveges i, seier han dette:

– Det er for tidleg å seie noko om korleis det vil gå, seier han.

Søster Ingrid legg til at behandlinga er smertefull, men at dei håpar den vil hjelpe broren til eit mindre smertefullt liv etter kvart.

Gåver frå heile fylket

Så langt at Facebook-aksjonen samla inn 85.000 kroner sidan starten av september. Dei fleste gjevarane kjem frå Jølster og nabokommunane, men også utanfrå fylket har det kome pengar. Ingrid Årdal er godt nøgd med summen, men håpar dei skal klare å få inn litt meir pengar, før aksjonen vert avslutta.

– Får vi inn meir pengar enn det Sondre treng for å betale behandlinga, vil overskotet til gå Kreftforeininga, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.