Hopp til innhold

Starta fødsel på feil kvinne

Legen sette i gang fødselen på feil kvinne. Såg berre på romnummeret og ikkje namnet.

Førde sentralsjukehus

FORVEKSLA PASIENT: Sjukehuset meldte sjølv forvekslinga til Helsetilsynet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førde sentralsjukehus har meldt forvekslinga til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, skriv bt.no .

Forvekslinga skjedde då det låg to kvinner på same rom på fødeavdelinga. Ei av kvinnene hadde gått over tida, medan den andre var 37 veker på veg og innlagd med blødningar.

Flytta den fødande kvinna

På kvinna som hadde gått over tida, var fødselen prøvd igangsett med hinneriving om morgonen. Dersom ho ikkje fekk rier skulle ho få eit stimulerande middel for å setje i gong fødselen.

I løpet av føremiddagen vart denne kvinna flytta til eit anna rom for å føde.

Oppdaga etter fem minutt

Klokka 13 kom overlegen inn på rommet der kvinna som var 37 veker på veg låg att. Han bad jordmora om at ho skulle henge opp det riestimulerande middelet. Legen skriv i rapporten at forvekslinga vart oppdaga etter fem minutt.

Feilmedisineringa skal ikkje ha fått konsekvensar for den gravide kvinna.

- Kunne ført til skade

I meldingsskjemaet til Helstilsynet er det kryssa av for at dette var eit forhold som kunne ført til betydeleg skade på pasienten.

Sjukehuset sitt forslag for at slikt ikkje skal skje igjen er: "Aldri gi forordningar i forhold til rom, men til pasientnavn, og alltid etter å ha verifisert at det er riktig pasient."

Fylkeslegen har ikkje bestemt seg

Fylkeslege Petter Øgar seier at han må vurdere kva som skjer vidare. Han seier at slike saker vert vurdert utfrå alvorsgrad, skadepotensial og ut frå måten helseføretaka taklar hendinga på.

- Vi har ikkje bestemt oss enno, men det kan hende det kan vere ei sak vi kjem til å ta vidare, seier han til avisa.

Han seier det burde vere sjølvsagt at legar forheld seg til namnet på pasientane.

- Men faktum er at vi ser utruleg mykje rart rundt om på sjukehusa. Eg trur desverre ikkje denne saka er eineståande.