NRK Meny
Normal

Omsorgssenteret starta dagen med «potetkaker»

Arrangørane fekk hjelp av dei eldre på omsorgssenteret i Gaupne, då Jostedal Helselag baud på sylteflesk, smultringar og potetkaker.

Marit Elvekrok (t.v) og Ingeborg Moland lager potetkaker

RUTINERTE: Både Marit Elvekrok (t.v.) og Ingeborg Moland har laga mange potetkaker opp igjennom åra, og synest det var kjekt å tenkje tilbake på korleis dei gjorde det før.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er mange som seier, Åh, kven er det som bakar i dag?

Lukta av steikte potetkaker fyller lufta, der driftige damer står i aktivitetsstova på omsorgssenteret. Ei av dei er Mary Aasen, som er med på å arrangere aktivitetsdag på omsorgssenteret.

– Dette har bebuarane gledd seg til, fortel Aasen.

Vanlegvis får bebuarane blomster frå Jostedal Helselag i adventstida, men i år ville lokallaget heller invitere til aktivitet. Valet fall på potetkakebaking, noko dei fleste bebuarane hadde drive mykje med gjennom eit langt liv.

Mary Aasen legg potetkaker på takka

HELLESJEF: Mary Aasen frå Jostedal Helselag passa på at kakene blei lagt fint på hella. Ho trur bebuarane får mykje ut av eit slikt arrangement.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Betre bakst med gammal teknikk

Nykokte poteter står klare på bordet, og frivillige og bebuarar skreller og kverner potetene, blandar i litt mjøl og salt, før dei steiker kakene på ei helle.

Oppskrifta på baksten har Jostedal Helselag brukt i fleire år, og dei klappar kakene ut med hendene før dei steiker dei.

– Ja, me bruker ikkje kjevle. Me bruker gamlemåten, slik dei gjorde før i tida, då er det berre å klemme dei ut, og det går ganske fort, seier Aasen.

Ho meiner teknikken gir eit meir smakfullt resultat.

– Når me klappar potetkakene ut med hendene, bruker me mykje mindre mjøl, og då blir dei mykje betre, fortel Aasen.

Potetkakebaking på omsorgsheimen i Gaupne

ALLE MED: Både bebuarane og arrangørane utveksla oppskrifter og metodar.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Erfarne potetkakebakarar

Fleire av dei som bur på senteret har laga mange potetkaker gjennom livet.

– Det var ofte potetkaker til kvelds før i tida, gjerne med sirup på. Men dei som er frå Bergen-området fortalde at dei brukte sild som pålegg. Det hadde eg aldri høyrt før, seier Aasen.

Ei anna frå Jostedal Helselag, Asbjørg Ormberg, fekk fleire gode råd av bebuarane.

– Vi skal male potetene to gonger gjennom kverna, fortel Ormberg.

Asbjørg Ormberg syng og spelar for bebuarar på Gaupne omsorgssenter

SONG: Asbjørg Ormberg stod også for song og musikk under aktivitetsdagen på omsorgssenteret.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Til dette hadde lokallaget med seg ei gammaldags kjøtkvern, i staden for ei elektrisk og meir effektiv ei.

– Denne er så stille og roleg, og då kan me prate, seier Ormberg.

Kveldsmat frå barndommen

– Det var aldeles nydeleg, smiler Anders Grov, ein av bebuarane på Gaupne omsorgssenter.

Smaken av potetkaker med brunost og sirup bringar fram gamle minner frå då han som gutunge fekk potetkaker to gonger om dagen.

– Vi hadde ikkje alltid pålegg på potetkakene under krigen, men varme potetkaker gjekk ned uansett. Men vi hadde litt kvitost, då alle hadde geiter på den tid, fortel Grov.

Etter at potetkakene var steikte og fortærte denne torsdagen, skulle det bli song og trekkspelmusikk for bebuarane på omsorgssenteret.

– Det skal ikkje så mykje til. Det er mange som synest det blir lange dagar, og då er det fint når det skjer noko, seier Aasen.

Connie Grov og Anders Grov et potetkaker på Gaupne omsorgssenter

NAUT MATEN: Connie Grov og ektemann Anders Grov synest aktivitetsdagen er eit godt initiativ frå Jostedal Helselag.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.