NRK Meny
Normal

Starta bjørnejakta i dag

Onsdag ettermiddag starta det første jaktlaget leitinga etter bjørnen som har drepe fleire sauer i Sunnfjord.

Jaktlaget klare for bjørnejakt i Sunnfjord.

Jaktlaget gjer seg klare til å leite etter bjørnespor i Holsen i Førde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Den spesialtrena hunden Ylva skal finne bjørn i Sunnfjord.

Den spesialtrena hunden Ylva skal finne bjørn.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Varmen gjer det vanskeleg for oss. Den gjer det verre for hunden å følgje ferske spor, fortel fellingsleiar Finn Olav Myren til NRK i halv fem-tida måndag ettermiddag.

Han seier leitinga vil halde fram i morgon, men at det kan vere aktuelt å organisere seg litt annleis då.

Få timar etter at Fylkesmannen gav grønt lys for bjørnejakt i Sunnfjord var både jegrar og ein spesialtrena ettersøkshund på plass på Husetuft ved Holsen i Førde.

Spesialtrena hund

Klokka halv eitt onsdag gjekk det første jaktlaget til fjells for å leite etter bjørnen som har drepe fleire sauer i Sunnfjord.

Hunden er spesialtrena for å spore bjørn, og saman med tre jegrar var målet for dagens tur eit område der det er funne sauekadaver. To av medlemmene på jaktlaget har erfaring frå bjørnejakt tidlegare, medan den tredje er kjentmann.

Leitar i puljer

Jaktlaget har planar om å leite etter bjørnen i området mellom Holsen, Rørvikfjellet og Hetlestøen i Viksdalen. Jakta vert vanskeleg fordi jegrane ikkje har ferske spor å gå etter.

Les: - Bjørn drap sau i Førde

- Vi kjem til å operere i puljer på fem til åtte jegrar som eg kjem til å bruke på ferske spor og kadaver. På dette viset klarer vi og å halde ro i terrenget slik at vi ikkje skremmer bort bjørnen, seier leiar for fellingslaget Finn Olav Myren.

- Vanskeleg å finne bjørn

- Kor stor er sjansen for å finne bjørnen?

- Sjansen er ikkje veldig så stor då vi berre har fem-seks dagar gamle funn. Vi må rett og slett gå i området for å sjå om hunden markerer spor. I første omgang vil vi leite i to veker, men dukkar det opp ferske spor må vi gå i dialog med fylkesmannen for å få utvida løyvet.

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.