Nyleg blei det klart at
Starheim er i dag skuffa over at dei ikkje fekk realisert skipstunnelen tidlegare.– Det eg tykkjer er mest frustrerande at vi ikkje greidde å gjennomføre det i den tida Kjell Magne Bondevik sat som statsminister, seier Starheim.
– Sat på pengesekken
Og det er særleg i lys av at Krf hadde programfesta bygging av skistunnelen at Starheim meiner Bondevik-regjeringa burde fått bygt tunnelen når dei også hadde støtte Framstegspartiet. Skulda for at det ikkje blei slik, legg han på Høgre og dåverande finasminister Per Kristian Foss.
– Høgre sat med finansministeren som var Per-Kristian Foss. Dei som kjenner til historia, veit at Foss var ein mann som sat på pengesekken og ikkje var villig til å bruke meir enn naudsynt. Her må Høgre og Foss som finansminister ta eit ansvar.
Avviser kritikken
Per Kristan Foss som avviser eit kvart ansvar for at Skipstunnlen ikkje blei bygd under Bondevik 2.
– Då avdekkjar han ein komplett mangel på kunnskap om korleis ei regjering arbeider og det er typisk for Framstegspartiet. Det ligg ikkje til ein finansminister å stogge noko som helst viss det er budsjettmessig dekning for det og den dekninga er det samferdsleministeren som står for.
– Men KrF hadde programfesta skipstunnel og dei hadde støtte frå Fr, likevel blei ikkje tunnelen bygd. Kva tenkjer du om det?
– Dei to partia har programfesta veldig mykje. Og summen av det går ikkje heilt opp. Det er mange prioriteringar som må gjerast at programma er vedteke.