Starheim øydelegg valkampen

Fylkesleiaren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, rettar harde skyts mot Åge Starheim (Frp) etter tysdagens utspørjing i NRK.

Åge Starheim

Åge Starheim (Frp) under tysdagens direktesendte utspørring.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Olsen er ikkje nådig i kritikken mot Starheim, som i partileiarutspørringa på NRK sa at dei som har bestemt seg i EU-saka er uansvarlege.

SJÅ: Utspørjing av Åge Starheim, FrP

- Eg tykkjer det øydelegg valkampen. Det er med på å fordumme politikken. Eg tykkjer vi må stå oppreist og snakke sakene våre, og ikkje karakterisere andre, svarar Senterpartiet sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Knut M. Olsen.

- Uansvarleg

Starheim vil ikkje ta stilling til EU-spørsmålet før han veit kva som står i ein eventuelt framforhandla avtala.

- Dersom ein kan ta stilling til det før ein veit det, så tykkjer eg det er uansvarleg, sa Starheim.

- Eg kan ikkje skjøne at det er nokon som kan ta endeleg stilling til medlemsskap i EU før ein veit kva vilkår ein får. Det er ingen som tek stilling til eit anbod, før han får anbodet, sa Starheim.

- Er FrP uansvarlege?

Olsen meiner det blir feil ordbruk å kalle dei som allereie har bestemt seg for ja eller nei, for uansvarlege.

Gjekk du glipp av utspørjingane?

- Det første ein må stille Starheim spørsmål tilbake, er om han meiner 28 av toppolitikarane i Frp er uansvarlege. Det er faktisk 28 av dei som stiller til val for Frp landet rundt som har sagt klart ja eller nei til spørsmålet om "meiner du at Norge bør bli medlem av EU", svarer Olsen.

Forstår ikkje kritikken

Starheim forstår ikkje kritikken frå fylkesleiaren i Senterpartiet. På spørsmål om partifellene hans er uansvarlege som allereie har teke stilling til EU-medlemskap, svarar han følgjande:

- Det tykkjer eg er rart. Men greitt, det får dei gjere om dei vil. Det vil bety det same som at dersom ein kjem fram til ein dårleg avtale, så har dei sagt at dei likevel vil selje landet, seier han.

Grunnhaldning

Partiet har programfesta bindande folkeavrøysting både før ein EU-søknad blir sendt, og før ein melder seg inn. Olsen meiner at det for veldig mange er ei grunnhaldning å vere for eller mot medlemsskap i EU.

- Det er ikkje meir enn 20 år sidan vi hadde ei runde sist og vi fekk fram det resultatet den gongen. Eg trur at for veldig mange er dette eit grunnprinnsipp som ein klart må kunne bestemme seg for, på lik linje med veldig mange Frp'arar, seier Olsen.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.