Han vil ha slutt på at det offentlege stadig legg hindringar i vegen for privat næringsutvikling.
- Vi tykkjer at det er gale at styresmaktene legg hindringar i vegen for nokon som vil utvikle seg vidare. Dette kan vi ikkje godta, seier Starheim.
Uventa vending
Striden kring bygging av ein stor samdriftsfjøs knappe 100 meter frå den gamle steinkyrkja på Hove i Vik, tok ei uventa vending då Riksantikvaren i går brått sette foten ned og sa endeleg nei til byggjeplanane.
Langvarig dialog
Åge Starheim. Foto©NRK
Det skjedde etter ein langvarig dialog mellom Riksantikvaren og dei fem bøndene om utforming og plassering av samdriftsfjøsen. Konsekvensen kan no verte at dei fem legg ned gardsdrifta. Og Åge Starheim meiner at dette er eit nytt døme på at næringsutvikling vert unødvendig stogga her i landet.
- Å byggje ny driftsbygning i Vik må oppfattast som næringsutvikling. Vi er nøydde til å ta oss av det vi skal leve av. Viss vi ikkje skal prioriterer det, vil vi gradvis komme i den situasjonen at det ikkje er arbeidsplassar att i distrikta. Det er det ingen som er tente med, seier Starheim.
Vil jobbe vidare
Starheim seier at han vil jobbe vidare med dette på Stortinget, men at dei er avhengige av at andre støttar framlegget om dei skal få fleirtal.