Hopp til innhold

Narkotikasak for retten neste veke - er ifølgje politiet ei av dei største i fylket dei siste åra

Ein mann er tiltalt i det politiet kallar ei av dei største narkotikasakene i fylket dei siste åra. Neste veke skal saka opp i Sogn tingrett.

Sogn tingrett

STOR SAK: I neste veke skal narkotikasaka opp i Sogn tingrett.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det er Statsadvokatane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane som har tiltalt mannen i 30-åra for kjøp, oppbevaring og sal av større mengder narkotika.

Ifølgje tiltalen skal det gjelde dei narkotiske stoffa amfetamin, blåvalium, og hasjisj.

– Dette er ei svært alvorleg sak, seier politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Stor sak

Etter tiltalen skal mannen ha kjøpt kring ein kilo amfetamin og ein kilo blåvalium, og selt fleire hundre gram vidare. I tillegg skal han også ha kjøpt og selt hasjisj.

– Det er blant dei største sakene vi har hatt dei siste åra, seier Kleiven.

Politiet har også lagt ned påstand om inndraging av nærmare ein halv million kroner.

Saka i Sogn tingrett vil gå over to dagar i neste veke. Kleiven har førebels ikkje teke stilling til straffeutmåling.

– Men vi vil leggje ned påstand om ein lengre dom utan vilkår, seier ho.

– Klar for straff

Advokat Arvid Mellingen representerer den tiltalte mannen i 30-åra.

– Klienten min har i all hovudsak tilstått etter tiltalen. Han skal møte i retten for å få straffa si, seier Mellingen.

Den tiltalte har sete frivillig i varetekt sidan sumaren 2013, og ønsker å verte ferdig med saka, seier advokaten.

– Han ønsker å gjere opp for seg, og kome seg vidare i livet. Han ønsker å få livet på rett kjøl.