NRK Meny
Normal

Går saman for hyppigare ferjeavgangar over fjorden

Ordførarane i Sogndal, Luster og Balestrand vil ha hyppigare avgang og betre regularitet på ferjeavgangane mellom Hella, Vangsnes og Dragsvik.

Vil ha meir ferje

FLEIRE AVGANGAR: F.v. Luster-ordførar Ivar Kvalen, Balestrandordførar Harald N. Offerdal og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll vil ha hyppigare og meir regulere avgangar i Balestrandsektoren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Stig Indrebø/Tone Merete Lillesvangstu/Arve Uglum / NRK

– Vi vil argumentere for betre regularitet og faste intervall på avgangane på ferjesambandet mellom Hella, Vangsnes og Dragsvik, seier Harald Offerdal, ordførar i Balestrand til Sogn Avis.

Tysdag var han og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll og Luster-ordførar Ivar Kvalen samla til møte i samferdslegruppa til Sogn Regionråd saman med rådsleiar Karine Nerland.

Her diskuterte dei mellom anna ferjesambandet i Balestrandsektoren, for å knyte Balestrand og Vik i hop med resten av sogneregionen.

Vil ha avgangar kvart 20. eller 30. minutt

Dette ferjesambandet skal ut på anbod til hausten, og regionrådet jobbar no hardt for å få med sine ønskje i anbodsteksten.

Regionrådet skal i møte med Vegdirektoratet 27. august.

– Der vil vi mellom anna argumentere for stive avgangar på anten 20 eller 30 minuttar, samt nokre nattferjer, seier Offerdal til avisa.

Stive avgangar betyr at ferjene går på faste intervall, slik som Mannheller-Fodnes og Lavik-Oppedal. Dermed er trafikantane i langt mindre grad avhengige av rutehefte for å vite når ferja går.

Vil ta del i den positive utviklinga

I Balestrandsektoren er det i dag mellom 30 og 80 minuttar mellom ferjene, og det går heller ikkje ferjer nattetid.

– Grep i samferdsla må til for at Vik og Balestrand skal få ta del i den positive utviklinga på Leikanger og i Sogndal, seier Offerdal.

Etter at E16 gjennom Gudvangatunnelen vart stengt, har trafikken på ferjesambandet auka mykje. Ferjemannskap på strekninga tok denne veka til orde for at ein må få fortgang i planane om tunnel gjennom Vikafjellet, då situasjonen no syner kor viktig strekninga er for området.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.