Hopp til innhold

Håpar tekniske spor kan gje svar

Politiet i Sogndal står på bar bakke etter innbrotet på databutikken XS Data og Multimedia sist veke. Men dei gir ikkje opp.

Innbrot i Sogndal

KNUSTE SEG INN: Gjerningspersonane knuste seg inn i butikken og stakk av med datamaskiner og telefonar til fleire hundre tusen kroner.

Foto: Idar Nes

– Vi har ingen mistenkte, og står for så vidt på bar bakke. Men vi prøvar å halde eit trykk på denne saka, seier politiførstebetjent Norvald Ylvisåker ved Sogndal og Leikanger lensmannskontor til NRK.no.

Over ei veke etter innbrotet i databutikken på Sogningen storsenter har politiet framleis ingen konkrete spor etter dei tre mennene som truleg står bak.

Framleis interesserte i tips

Innbrotet vart oppdaga av ein tilsette som skulle opne butikken. Vedkommande vart møtt av ei knust rute og inne i butikken var datamaskiner og telefonar til ein verdi av opp mot 300.000 kroner borte vekk.

Ein overvakingsvideo frå utanfor butikken viser at det er tre mannspersonar som er i det aktuelle området i tidsrommet 02.45 til 03.45 natt til sist måndag. Dei tre er mørkkledde, men videoen gir ikkje ytterlegare svar på kven dei kan vere.

Politiet var raskt ute og bad om tips frå publikum, men over ei veke etter innbrotet har dette framleis ikkje gitt resultat. Ylvisåker understrekar at det enno ikkje er for seint å kome med opplysningar.

– Vi er framleis interesserte i tips frå folk som kan ha sett noko denne natta, eller i dagane før. Det kan vere personar eller bilar som har vore i området, seier han.

Håpar tekniske spor kan gje svar

Ylvisåker seier dei held fram med den tekniske og taktiske etterforskinga.

– Vi har gjort avhøyrt og jobbar vidare med å sanke inn opplysningar frå folk som kan ha vore ute i området denne natta, men også i dagane før.

– Elles jobbar vi med tekniske spor, dei må vi få sendt inn og analysert før vi veit kva dei kan gje.

– Kva kan dei eventuelt gje svar på?

– Det kan vere alt frå DNA til fingeravtrykk, men det er for tidleg å seie om vi har noko som vil føre fram, seier politioverbetjenten.

At gjerningspersonane har etterlate seg så få spor, og at ingen verkar har sett dei, kan tyde på at dette er folk som har gjort liknande brekk tidlegare.

– Det kan vere at dette er dyktige folk for å seie det slik. Dette er gjerne ikkje første gongen dei er ute på liknande brekk.

Politiet i Sogndal har til no ikkje fått meldingar om liknande brekk i andre politidistrikt i tida før eller etter innbrotet i Sogndal.

– Kor stor håp har de om å kome til botns i denne saka?

– Vi må alltid vere positive, og eg håpar og trur vi skal greie det.