NRK Meny

Står for drifta sjølve

Eigarane av Hotel Mundal i Fjærland skal sjølve stå for drifta av hotellet denne sesongen. Det seier Investor Ola Moe, som i januar 2015 kjøpte det kriseråka hotellet frå Rolf Wikborg. I romjula vart det kjent at dei førre hotellvertane hadde trekt seg. Moe seier dei framleis ser etter vertskap som kan stå for drifta på meir permanent basis. Etter planen opnar hotellet for sesongen i mai.

Hotel Mundal
Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK