Hopp til innhold

– Du blir frustrert når du kjem sist

– Du blir litt frustrert når du kjem sist. Du har alltid lyst til å vere først. Du har alltid lyst til å hjelpe. Men avstand kan du ikkje gjere noko med.

Hør hvorfor politiet valgte den lengre kjøreruten ved utrykningen til trippeldrapet.

SJÅ TV-SAK: Politibetjent Vegard Andersen står fast på at politipatruljen køyrde den beste vegen til trippeldrapet ved Holsbru.

Orda kjem frå politibetjenten som saman med ein kollega rykte ut til det som skulle vise seg å vere eit trippeldrap på Valdressekspressen, måndag 4. november.

Vegard Andersen var nett komen på jobb då dei fekk meldinga.

– Vi var nett komne på jobb, og det låg arbeid som venta på oss. Folk skulle inn til avhøyr. Då vi køyrde, så var det etter melding om ei trafikkulukke, fortel politibetjenten.

– Det var ei omstilling

Med kontorlokala i Lærdal, kunne patruljen køyrt to ruter. Dei 59 kilometerane om Årdalstangen og Årdal, eller dei 84 kilometerane gjennom Lærdalsdalen til Holsbru.

Kripos på åstaden ved Holsbruvatnet

TRIPPELDRAP: Drapa på Valdresekspressen har reist mange debattar. Både på asylpolitikk og organiseringa av politiet.

Foto: Christian Blom

Patruljen var godt på veg på den lengste ruta, då dei fekk vite korleis situasjonen eigentleg var på Valdressekspressen.

– Det gjer noko med den mentale førebuinga når du set i bilen. Det å vere budd på ei trafikkulukke, til det som faktisk møtte oss. Det var ei omstilling, seier han.

– Vi valde rett rute

Valet patruljen gjorde har i etterkant blitt tema for både debatt og kritikk . Det tok 57 minuttar før politipatruljen kom fram til åstaden. Då hadde brannfolk pågripe den sikta .

– Eg føler det blir framstilt som om det er vi som har gjort noko gale, seier Andersen og står fast på at dei valde rett veg til Holsbru.

– Eg har køyrt ruta vi valde ganske mange gonger. Det same med ruta om Årdal. Vi vel å køyre dalen for vi veit at vi kan køyre mykje fortare. Det er fin veg, det er Europaveg og du kan halde den farten bilen klarer under utrykkinga, seier han.

Tek inn att tida

– Inn mot Årdal er det smalt, svingete og uoversiktleg. Avstandsskilnaden på dei to rutene, tek vi inn att på farten, held Andersen fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utrykking frå Lærdal til Holsbru

TO VEGAR: Patruljen hadde to val då dei rykte ut til det dei trudde var ei trafikkulukke.

Foto: NRK

Kva syn som møtte dei, kan ikkje Andersen fortelje om. I bussen som skulle frå Årdal til Oslo var bussjåføren og to passasjerar knivdrepne. Ein asylsøkjar i 30-åra frå Sør-Sudan er varetektsfengsla etter drapa .

Patruljen i Indre Sogn skal dekkje tre kommunar, som samla sett er nesten like stort som Østfold fylke.

– Frustrerande

– Det er frustrerande å ha eit så stort område og du på ein måte må nesten innfinne deg med at du ikkje er først, seier Andersen. Drapa i Årdal har reist debatt om sentralisering av politiet.

Politianalysen føreslår å leggje ned 144 lensmannskontor over heile landet . Frykta er då at politifolk vil flytte etter jobbane. Og såleis forsvinne frå bygda. Andersen ser helst at politiet blir organisert som i dag.

– Du mister dei lokale som bur der og som er lokalkjende og kjenner bygda inn og ut. Det er eit stort tap om desse flyttar vekk frå bygdene, avsluttar han.

SJÅ TV-SAK:

Politiet har måtte tåle mykje kritikk i tida etter drapa på Valdresekspressen, for ein månad sidan.
Dei brukte nesten ein time på å kome fram til åstaden og brannfolk måtte pågripe den sikta. 
Men politibetjenten som rykte ut meiner det er lite dei kunne gjort annleis.