Hopp til innhold

Lastebil har køyrt seg fast i ein sving ved Turtagrø

Tre av hjula på hengaren heng i lause lufta. Vegen vil vere stengt i halvannan time, opplyser Vegtrafikksentralen.

Ulukke på veg ned frå Turtagrø

SPERRAR VEGEN: Ein lastebil sperrar vegen etter eit trafikkuhell. Den grå bilen er ikkje involvert i uhellet.

Foto: NRK-tipsar

Det var i 1630-tida at Vegtrafikksentralen melde om at ein lastebil hadde havarert på riksveg 55 mellom Skjolden og Turtagrø.

Eit stort vogntog med hengar har køyrt seg fast i ein av dei knappe svingane på veg mot Skjolden, og sperrar vegen.

Sit fast i svingen

I 1730-tida vart ein redningsbil frå Vang rekvirert for å hente lastebilen, den nærmaste bilen i Årdal var for stor til å ta seg over Tindevegen.

– Det vil ta om lag halvannan time før den er framme på staden, opplyser Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Redningspersonell opplyser at hengaren sit fast i svingen, truleg fordi sjåføren ikkje har lagt seg langt nok ut i svingen.

Det er ikkje mogleg å kome forbi, opplyser Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Dermed er riksveg 55 mellom Lom og Skjolden er stengd.

Vegtrafikksentralen oppmodar bilistar om å køyre privat bomveg via Øvre Årdal for å komme seg forbi ulukkesstaden.

Lange køar

Her skal vere smalt, og det er ikkje klart å bussar og lastebilar kjem seg fram her. For privatbilar skal det likevel vere greitt å køyre, opplyser Vegtrafikksentralen.

Ingen skal vere skadde seg i samband med uhellet.

Det skal allereie ha samla seg opp ein del kø ved staden der uhellet har skjedd. Vegtrafikksentralen trur likevel ikkje det kjem til å bli veldig lange køar på vegen. Førebels er det uklart kva som har skjedd på staden.

bilkø ved turtagrø

KØ: Det er mange turistar som står i kø ikkje langt frå Turtagrø etter trafikkuhellet.

Foto: NRK-tipsar