Hopp til innhold

Stansa ikkje for kontroll

Ein polsk vogntogsjåfør vart meld til politiet då han ikkje stansa for kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. Ein spesialtransport var overlasta og måtte sette av ein del av lasta si. Eit vogntog hadde overlast på 1600 kilo på framakselen, og eit anna vogntog fekk bruksforbod på grunn av dårlege bremser. Denne gongen var det ikkje brot på reglane for køyre- og kviletid, opplyser Statens vegvesen.