Hopp til innhold

Stampa-undersøking står i stampe

Arbeidet med å vurdere rassikring av fjellpartiet Stampa i Aurland, vert skrinlagd.

Video nsps_upload_2009_9_24_17_45_6_2417.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fjellpartiet kan føre til tsunami dersom det rasar ut, og kommunen har brukt over 30 millionar kroner på å vurdere skredfaren.

Ikkje meir frå staten

Staten vil ikkje løyve meir midlar til undersøkingane, og prosjektleiar i kommunen Bjørn Sture Rosenvold seier at dei no må skrinlegge vidare arbeid.

- Ein kjem ingen veg utan midlar. Kommunen kan forskottere ein del, men det er grenser for kor langt vi kan forskottere på prosjektet også, seier han.

  • (ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)
Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bli med i helikopter over Stampa.

Må bore

Fjellområdet har store djupe sprekker med vatn. Blir det for mykje vatn, kan store delar av Stampa falle i fjorden. For å undersøke faren, må ein bore i fjellet . Ei eventuell sikring av fjellet kan koste milliardar .

- Vi har gjort nokre nye funn som tilseier at vi burde bore. Eg sende søknad om det i byrjinga av juli, men har ikkje fått svar på den og heller ikkje gjennomslag på vidare økonomisk oppfølgjing, seier Rosenvold.