For i løpet av natta hadde tjuvar tatt med seg både vaskemaskin og jurklutar frå fjøset.
- Eg trudde ikkje mine eigne auge, eg måtte inn å sjå ein gong til, seier Håland.
Tok med klutane
Håland gjekk frå fjøset omlag klokka ti på kvelden og då han kom attende omlag klokka fire tidleg i går var han altså usikker på om han såg rett då både maskina og innhaldet var søkk borte.
- Maskinen var full av jurklutar, og dei tok tjuvane med seg. Eg reknar med at vi finn klutane i vegkanten ein stad, humrar han.
- Ville du brukt ei slik vaskemaskin til din eigne klede?
- Eg ville nok vore litt skeptisk, seier han.
Fjøslukt
No har skulen kjøpt seg ny vaskemaskin og saka er meld til politiet. Og Håland trur at dei som har maskina vil merke i lang tid at dei har tjuvgods som kjem frå eit fjøs.
- Maskinen har vore brukt til å vaske jurklutar i to år, så den er rimeleg full av fjøslukt, seier Håland.