NRK Meny
Normal

Stal to tønner med tomhylser

Politiet er interessert i tips etter at to tønner med tomhylser er stolne ved skytebana i Stryn.

Tjuveriet av dei to blå 200 literstønnene med tomhylser har skjedd mellom måndag ettermiddag og tysdag ettermiddag.

Ifølgje politiet kan tjuvane stole hylsene fordi det er verdi i metallet. Dei er interessert i tips om folk har sett tønnene eller bilar i nærleiken av skytebana.

Politiet oppmodar også andre skyttarlag til å ha sine skytebaner under oppsyn. Dei som har opplysningar kan ringje 02800.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.