Hopp til innhold

Stal spekemat frå Terina

Ein mann i 20-åra frå Sogndal hadde mykje han skulle ha gjort natt til fredag. I løpet av nokre hektiske timar rakk han mellom anna å promillekøyre ein stolen bil og bryte seg inn tre ulike stader.

Det er ikkje ofte politibetjent Britt Brugrand har det så travelt. For klokka halv tre i natt fekk politiet inn første meldinga på mannen. Då hadde han ifølgje politiet stole ein bil i bygda, og med promille hadde han kurs mot sentrum.

  

Pågripen av asylsøkjarar

Etter ei kort tid bulka han bilen i  rundkøyringa på Stedje. Men då politiet kom til staden var personen vekke.

- Så fekk vi melding om at ein mann var inne på Shell-stasjonen og at han var pågripen av vitne utanfor. Vi køyrde dit, og fann tre asylsøkjarar frå asylmottaket. Dei hadde høyrt at nokon braut seg inn i Shell-stasjonen, og dei hadde gått ut og heldt fast mannen til vi kom, fortel politibetjent Britt Brugrand.

Stal spekemat frå Terina

Seinare viste det seg også at mannen hadde vore inne på ambulansesentralen og Terina-anlegget i Sogndal.

-  Der hadde han stole ein truck som han køyrde ut med. Han hadde og teke spekemat.

Ros til asylsøkjarane

Elles har mannen ikkje fått med seg anna enn litt tobakksvarer og eit par mobiltelefonar. No sit han i arresten, og blir avhøyrd i løpet av dagen. Politibetjenten rosar innsatsen til asylsøkjarane som fekk stoppa tjuven.

- Det er kjempefint at publikum bryr seg og tek ansvar når dei ser at slike ting skjer.