Hopp til innhold

Stal skilta medan familien var på tur

Frekt tjuveri midt på lyse dagen. Medan ein familie var på tur på Utvikfjellet, nytta nokon høvet til å stjela skilta frå bilen deira.

Skoda illustrasjonsfoto

SAME BIL: Tjvuar har i løpet av laurdagen stole skilt med nummer SD 45 350 frå ein slik bil på Utviklfjellet.

Foto: Skoda

Familien hadde vore og gått tur eit par timar innover marka på Utvikfjellet, og ana fred og ingen fare då dei returrnerte til parkeringsplassen. Då såg dei at nokon hadde skrudd av bilskilta og stukke av med dei.

Ber om kontakt

– Det same skjedde i samband med tjuveriraidet i Sogn og Sunnfjord nyleg, så no ber me publikum vera på vakt, opplyser operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Skilta vart stolne frå ein blå Skoda og har kjenningsnummer SD 45 350.

– Dersom nokon ser ein bil med desse skilta, ber me dei umiddelbart ta kontakt med politiet, seier Stokkereit.

Tjuvlånte BMW

I Førde har nokon tjuvlånt ein BMW i løpet av laurdag føremiddag frå Biltreff. Bilen er ein BMW 320 D 4 dørs sedan , koksgrå farge

– Bilen hadde prøvekjennemerke TX-71. Mykje tydar på at samme person også har prøvd å svindle til seg bil fra utleigefirma Hertz og Avis. Lensmannskontoret i Førde har vore i kontakt med meldarene, opplyser politiet.