NRK Meny
Normal

Stal og øydela for ein halv million

Tjuvane som natt til onsdag braut seg inn på Amfisenteret i Florø, fekk med seg varer til store summar.

Innbrot i Florø

ØNSKJER TIPS: Politiet håper folk som har sett mistenkeleg åtferd tek kontakt.

Foto: Truls Kleiven

– Det er stole verdiar for kring 250.000 kroner pluss moms frå Telenorbutikken. I tillegg stal og gjorde dei skade for om lag like mykje frå Jernia-butikken, seier stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon.

Etter innbrotet reiste tjuvane avgarde i det som truleg er ein lysegrå Volvo V50 eller V60.

Politiet kartlegg no alle rørsler under og i forkant av brekket. Dei har sett på overvakingskamera og har fått inn tips frå fleire stader i fylket.

– Vi har henta inn ein god del informasjon som vi ser på no. Det har kome inn tips om liknande bilar som den som er etterlyst, men vi ønskjer fleire observasjonar. Vi håper folk tek kontakt om dei har sett mistenkeleg åtferd både før og etter innbrotet, seier Veseth.

– Kan det vere lokale tjuvar?

– Vi er i ein fase av etterforskinga der vi ikkje utelukkar noko som helst. Vi går breitt ut og håper å finne ein tråd i dette.

Telenorbutikken opplyser at dei vil sperre dei stolne telefonane slik at desse ikkje kan brukast i Norge.

Innbrot i Florø

BRAUT SEG INN: Brekkjernet låg igjen etter innbrotet ved Amfisenteret.

Foto: TRULS KLEIVEN
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser