Stal mobiltelefonar for nærare 300 000 kroner

I løpet av helga har tjuvar brote seg inn og fått med seg mobiltelefonar for nærare 300 000 kroner frå Euronics i Sogndal.

Euronics Sogndal

STAL PENGAR OG MOBILAR: Ubedne gjester har i løpet av helga brote seg inn på Euronics i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Då butikksjef Erik Hellem kom på jobb måndag, såG alt ved første aukekast til å vere som vanleg, men så oppdaga han at det var noko med kassen som ikkje heilt stemde.

– Det låg nokre lappar oppå kassa, som skulle ha vore ned i. Og då eg opna kassa såg eg at det var heilt tomt for setlar, seier Hellem.

Etter å ha sjekka med dei som jobba helga, at det ikkje var dei som hadde gjort det, sjekka han også med nabobutikkane om dei hadde merka noko i helga, noko dei ikkje hadde gjort.

Vel tilbake i butikken oppdaga han at eit skap med mobiltelefonar vart tømt.

Erik Hellem

INNBROT: Erik Hellem er butikksjef i Euronics Sogndal.

Foto: Bård Siem / NRK

– Berre i mobiltelefonar har dei nok fått med seg verdiar for nærare 300 000 kroner, seier Hellem.

I tillegg har tjuvane fått med seg kring 20 000 kroner i kontantar og ein del headset. Etter alt å døme har tjuvane kome seg inn gjennom eit vindauge bak i butikken.

Hellem har jobba åtte år i Euronics, og det er første gong han opplever innbrot

– Når du kjenner deg trygg på arbeidsplassen, så kjennest det ubehageleg at nokon som ikkje skal vere her, har vore inne og forsynt seg, seier Hellem.