Skulle få hjelp av kollega, stal kjettingar - og deretter stakk han av

Måndag kveld stal han kjettingar frå ein norsk kollega på Strynefjellet, og tysdag kveld stakk han av etter at Viking Stryn hadde hjelpt han på vegen att i Svarstadsvingane vest for Stryn.

Semitrailer i grøfta

SVARSTADSVINGANE: Den svenskregistrerte semitraileren står fast for andre gong på to dagar.

Foto: Jan Ivar Vik

Ein austeuropeisk sjåfør i ein svenskregistrert semitrailer har skapt mykje bry dei siste dagane.

Geir Elling Nyland køyrer for Thor Tenden Transport i Stryn. Måndag kveld var han på veg austfrå mot Stryn då han såg to tyngre køyretøy stå fast i bakken ved Nysetra like vest for Skjåk Seter på Strynefjellet.

Stansa for å hjelpe

– Det var ein utanlandsk semitrailer som hadde spunne seg inn i innersving, og så var det eit norsk vogntog som hadde kome seg forbi semitraileren, men som så var i ferd med å skli bakover att.

– Eg stansa ved sida av den utanlandske semitraileren, og så hoppa eg ut i berre sokkeleisten og sprang fram for å hjelpe han som sklei bakover. Vi fekk lagt på kjettingar, det tok fem-ti minutt, og så gjekk eg tilbake til min eigen bil.

– Tviheldt på kjettingen

– Då såg eg rustflekkar i snøen mellom dei to bilane, og sjåføren på semitraileren var i ferd med å legge kjettingar på sin bil, medan han prøvde å skjule kva han gjorde.

Då Nyland såg nærere etter viste det seg å vere hans eigne kjettingar mannen ville legge på, og han greip tak i dei for å få dei igjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog fast på Strynefjellet

STRYNEFJELLET: Den raude traileren er den Nyland hjelpte, den blå er Nyland sin bil, og til høgre for den skimtar vi den svenskregistrerte semitraileren.

Foto: Geir Elling Nyland

– Var trugande

– Han tviheldt i kjettingen, kjefta på eit språk eg ikkje forstod og var i det heile trugande.

Men Nyland fekk sikra seg kjettingane, og fekk lagt dei på bilen sin, men han kjende seg ikkje trygg.

– Før eg la på kjettingar på den andre sida låste eg døra til førarhuset.

Det viste seg at den same utanlandske sjåføren også hadde oppført seg trugande mot ein brøytebilsjåfør på Strynefjellet. Han prøvde mellom anna å ta seg inn i brøytebilen.

– Vil vere varsam med å hjelpe

Mellom trailersjåførane er det eit "gentleman´s agreement" om å hjelpe kollegaer som er i knipe, men etter opplevinga på Strynefjellet kjem Geir Elling Nyland til å vere selektiv med kven han hjelper.

– Eg kjem til å vere varsam neste gong eg møter på ein utanlandsk trailer som står fast. Eg hadde aldri trudd at eg skulle kome ut for noko slikt.

Episode nummer to

Dagen etter var det klart for episode nummer to med austeuropearen i den svenskregistrerte semitraileren. Då hadde han greidd å køyre seg i grøfta i Svarstadsvingane vest for Stryn sentrum.

Der stod han klistra oppetter fjellveggen, men heldigvis ikkje slik at han sperra for trafikken.

Jan Bernhoft i Jans Bilberging Viking Stryn vart tilkalla for å få bilen på vegen att, men han ville ikkje gjere noko før han fekk garanti om betaling. Det tok seks-sju timar før den kom.

– Men vi fekk omsider lossa av platene som var på traileren, desse vart lagde på ein annan bil i mellomtida. Deretter fekk vi bilen på vegen, og det vart lagt på ein kjetting.

Bilen var borte vekk

– Så gav eg beskjed til sjåføren om at han skulle køyre opp til Statoil-stasjonen på Langesethøgda og vente der, så skulle vi kome etter med platene, slik at dei kunne bli lasta over att.

Men då Bernhoft kom til Langesethøgda var det ikkje nokon trailer å sjå. Han køyrde difor vidare og håpa å nå han att. Han køyrde heilt til Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid der platene skulle leverast.

Der var det heller ikkje nokon trailer å sjå, så Bernhoft køyrde vidare til Haugen, der Bjørlo har ei avdeling, men også det vart det bomtur. Så kontakta han vogntogsjåførar han kjenner, og omsider vart traileren lokalisert.

– Heit i "haude"

Han hadde parkert ved Kjøs bru, ved avkøyringa til Hornindal. Då var Bernhoft passeleg irritert, og banka hardt på døra til førarhuset.

– Eg var temmeleg heit i "haude", for å seie det slik, eg bad han kome ut og forklare seg. Han stod der berre og vreid på seg og løfta på skuldrane og sa "excuse me, excuse me".

– Han hadde også ein kjetting han hadde fått låne av deg. Fekk du att den?

– Ja, den fekk eg att, elles hadde eg snudd opp ned på fyren, det skal eg berre love deg.

Og lasset med plater som Bernhoft hadde fått i fanget skal etter kvart kome fram til Norgesvinduet Bjørlo.

– Vi har fått ein garanti frå eigaren av lasta om at dei skal ordne med transport.

70 prosent utlendingar

Viking Stryn har hatt mykje arbeid med trailerar og vogntog dei siste dagane, og brorparten av dei er utanlandske.

– Rundt 70 prosent av dei vi har hjelpt har vore utanlandske bilar, seier Bernhoft.