Hopp til innhold

Stal dykkarutstyr frå tidlegare arbeidsgjevar – må i fengsel

Ein mann i 40-åra er dømd til fem månadar i fengsel, etter at han stal dykkarutstyr til ein verdi av 340.000 kroner.

Dykkerutstyr
Foto: Politiet

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale eit erstatningskrav på 16.800 kroner til dykkarverksemda Frøy Vest, samt at bilen til den dømde vert inndratt for å nyttast til dekning av erstatningskravet.

Mannen vart pågripen tidlegare i vår, og nekta då for straffeskuld. Han fortalde at utstyret skulle leigast ut til eit firma i heimlandet.

Den 5. juli tilstod mannen utan atterhald i retten, noko som førte til at den dømde fekk betydeleg strafferabatt.

Politiadvokat Ingeborg Drægebø er godt nøgd med utfallet av saka.

– Det forenkla rettargangen vesentleg at han tilstod. Det sparte oss for to dagar i retten og vitneføring. Han fekk han betydeleg strafferabatt for å tilstå.

Det var først snakk om åtte månadar fengselsstraff for den dømde, men etter tilståinga vart det redusert til fem månadar i fengsel utan vilkår.

– Det viktigaste var at han fekk straffa si, og at verktøyet han nytta i lovbrotet, bilen, vart inndratt. Det gir viktige signal til både han, og samfunnet elles. Dette er eit alvorleg samfunnsproblem, seier Drægebø.

Vidare fortel Drægebø at det har vore eit godt samarbeid mellom tre politidistrikt i høve til saka.

– Denne saka er eit godt døme på kor bra og effektivt ein kan jobbe på tvers av politidistrikt.

NRK har vore i kontakt med forsvararen til den dømde mannen og han ynskjer ikkje å kommentere saka.