Hopp til innhold

Stal båt då dei krasja stolen bil

Då mennene krasja den stolne bilen, heldt dei fram ferda i ein stolen båt.

Illustrasjon

EITT ÅR: Det tok politiet eitt år før den fekk mennene inn til avhøyr. Bildet er berre for illustrasjon.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

No er den eine, ein mann i 40-åra, dømd til fengsel i 21 dagar på vilkår.

Det var i oktober 2014 at mennene køyrde frå Florø i ein stolen bil. Karane kom seg nesten til Svelgen før dei krasja. Deretter heldt dei fram turen i ein stolen båt.

Naudetatane som kom til staden stabla på beina ein leiteaksjon, då dei frykta at den eller dei som var i bilen kunne ha blitt skadde. Over ein time etter at politiet kom til staden, vart det klart at mennene hadde teke seg inn i bustad.

Mannen er tidlegare domfelt for narkotikalovbrot, brot på vegtrafikklova og politilova.

Politiet har gjentekne gonger prøvd å få mannen i avhøyr, men lukkast først med dette i eitt år etter hendinga. Ei tilståing kom først dagen før saka skulle opp i Fjordane tingrett.

Dersom mannen held seg på rette side av lova dei neste to åra, slepp han å sone fengselsstraffa.