Hopp til innhold

Anka kortsvindel-dom - no må mannen likevel i fengsel

Gardsarbeidaren i 30-åra anka dommen frå Fjordane tingrett der han vart dømd til 90 dagar fengsel. Gulating lagmannsrett heldt fast på straffutmålinga, men reduserte erstatningskravet med 6.000 kroner.

Gulating illustrasjon
Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Mannen vart i oktober i fjor dømd til 90 dagar fengsel i Fjordane tingrett, av dei var 60 dagar med ei prøvetid på to år.

Han vart i tillegg dømd til å betale 31.400 kroner i erstatning til Sparebanken Sogn og Fjordane, samt 6.600 kroner til den fornærma gardbrukaren. Han vart også dømt til å betale sakskostnadar på 3.000 kroner.

Mannen anka saka til Gulating lagmannsrett. Retten fann at det var knytt såpass med tvil til eitt av tilfella mannen var dømd for, at dei meinte mannen måtte frifinnast for det.

Opprettheldt fengselsstraffa

Men når det galdt resten av tiltalepunkta, fann retten det bevist utover rimeleg tvil, at det var gardsarbeidaren som stod bak uttaka. Mannen vart difor i Gulating lagmannsrett dømd til 90 dagar fengsel, av dei var 60 dagar med ei prøvetid på to år.

Mannen vart også dømd til å betle 25.400 kroner i erstatning til Sparebanken Sogn og Fjordane. Han må betale gardbrukaren som han stal ifrå, erstatning på 6.600 kroner, samt betale sakskostnadar til det offentlege på 5.000 kroner.

Forholdet går tilbake til ein to månaders periode sommaren 2011 då mannen jobba hjå ein gardbrukar i Sunnfjord.

Den fornærma gardbrukaren oppdaga at det var mindre pengar på kontoen hans, enn det han hadde rekna med. Etter å ha sett på kontoutskriftene sine, fann han ut at kontoen var tappa for eit beløp på om lag 40.000 kroner.

Hadde alltid lommeboka i ulåst bil

Han mistenkte at det var mannen i 30-åra som stod bak, då vedkommande var kjend med at den fornærma oppbevarte lommeboka med minibankkortet i hanskerommet i bilen, som stod ulåst på tunet.

I retten hevda mannen i 30-åra at han var uskuldig. Han hevda at han ved eitt tilfelle hadde fått både kort og pinkode frå arbeidsgjevaren, for å dra og ta ut pengar for han. Dette var ikkje arbeidsgjevar samd i.

Det var denne episoden lagmannsretten valde å frifinne gardsarbeidaren for. Mannen fekk dermed redusert beløpet, som han er dømd til å betale tilbake til Sparebanken Sogn og Fjordane, med 6.000 kroner.

Men når det gjeld seks andre minibankuttak, alle gjort rundt midnatt, legg lagmannsretten til grunn som bevist at det er gardsarbeidaren i 30-åra som har gjort desse.

Lagmannsretten peikar på at bileta frå overvakingsvideoen underbyggjer at det er mannen som har gjort det. Mellom anna samsvarar kleda mannen hadde på seg på videoane, med beslag som politiet gjorde på mannens bupæl.

Meiner handlingane var nøye planlagde

Retten peikar også på at det ikkje skjedde uttak i tida då gardsarbeidaren og familien var på ein to veker lang tur til heimlandet sitt.

Lagretten er samd med tingretten i at det er grunnlag for fengsel utan vilkår, basert på at det er snakk om tjuveri som er gjort ved seks høve, og at det er stole minst 32.000 kroner.

Lagmannsretten er også samd med dei andre premissane tingretten la til grunn for straffutmålinga, og peikar på at allmennpreventive omsyn må tilleggjast vekt.

Retten peikar på hendingane er eit tillitsbrot til ein tidlegare arbeidsgjevar, samt at tjuverihandlingane vert oppfatta som planlagde og utførte på ein profesjonell måte.

I formildande retning legg retten vekt på at saka er vorte gammal, utan at gardsarbeidaren i 30-åra kan lastast for det.